NRK Meny
Normal

Slik forklarar Espen Remme overskridingane

Helse Møre og Romsdal bomma fullstendig på lønskostnadene i sommar. Mykje av budsjettsprekken skriv seg frå både innleige frå byrå og overtidstimar på eigne tilsette. Nokre av sommarvikarane viste seg å vere inkompetente og måtte sendast heim. Dette blei dyrt for helseføretaket.

Espen Remme

Espen Remme er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Kristin Støylen / Helse Møre og Romsdal

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal må i dag handtere ein budsjettsprekk på 15,9 millionar kroner i juni og 19,8 millionar kroner i juli. Dei fire sjukehusa brukte meir pengar enn dei eigentleg har tilgang på både til medisinar og løn.

– Høgare bemanningsnivå

Når styremøtet opnar onsdag må administrerande direktør Espen Remme forklare korleis det er mogleg å gå på ein slik sprekk på eit par sommarmånader.

– I 2017 la vi oss på eit litt høgare bemanningsnivå på legar og spesialsjukepleiarar enn det vi har gjort tidlegare. Dette, kombinert med lågare pasientpågang, gjev slike utslag, seier Espen Remme til NRK i forkant av styremøtet.

– Trefte ikkje godt nok

Remme vedgår i dag at planlegginga må bli betre og at opplegget for sommaren 2017 ikkje var i samsvar med dei utfordringane sjukehusa stod overfor denne sommaren.

– Vi må vedgå at å drive fire sjukehus for den befolkninga vi har i Møre og Romsdal, med alle funksjonar og støttefunksjonar som må vere i sjukehusa, er kostnadsdrivande i seg sjølv. Så handlar det om god planlegging i den enkelte delen av organisasjonen. Dette året har vi ikkje treft godt nok. Dessverre resulterte dette i overforbruk, seier Remme.

– Går detaljert til verks

Den siste veke har leiinga i Helse Møre og Romsdal gjennomført hastemøte ved alle dei fire sjukehusa. Remme seier til NRK at organisasjonen er i ferd med å setje i gang arbeidet for å bøte på situasjonen.

– No går vi inn på alt frå turnusplanlegging, planlegging av vakansvakter, jobbing med forbruksmønsteret. Det er 200 seksjonar i Helse Møre og Romsdal. Og når ein summerer beløpa for alle seksjonane så blir det høge tal. Dette er litt av utfordringa vår, seier Remme.

To vikarar måtte returnerast

NRK Møre og Romsdal er også kjent med at Helse Møre og Romsdal denne sommaren måtte returnere to vikarlegar. Då den eine vikaren kom til sjukehuset i Ålesund og den andre til Volda, viste det seg at dei ikkje hadde den kompetansen som vikarbyrået lova.

Dei to vikarane blei sendt heim, utan at dei blei erstatta. Dette skal ha utløyst lønsmidlar til dei to vikarane. I tillegg måtte lækjarar hentast heim frå ferie og gå inn på dyre overtidsvakter for å erstatte dei heimsende vikarane.

– Det er riktig at eit par av vikarane som kom til oss i sommar ikkje var kompetente til jobben dei blei sett til. Dette er eit problem ein kan støyte på både hos oss, i mediebransjen og i andre bransjar. Vi får inn fagfolk som byrået garanterer for. Dei skal kunne returnerast om dei ikkje fungerer. Men då er det ikkje alltid at det finst nye som kan gå rett inn i funksjonane, seier Remme.

– Direkte utslag i evna til å behandle pasientar

Remme er tydeleg på at dette er forhold som er vanskeleg å verje seg mot, at og bedrifter i dei fleste bransjar opplever denne typen risiko ved tilsetjing av vikarar. Og dess mindre fagmiljø vikarane skal inn i dess større er risikoen.

– Slike ting gjev direkte utslag i vår evne til å behandle pasientar. Vi må i slike situasjonar også beordre folk tilbake frå ferie, vi må flytte personell frå ein seksjon til ein annan del som ein kanskje ikkje er vandt til å jobbe i. Dei må lære nye rutinar og dette dreg på seg med kostnader, seier Remme.

– Store utslag i små fagmiljø

Det er ikkje desse to episodane som er årsaka til dei store kostnadsoverskridingane. Men ifølgje Remme er dei illustrerande for utfordringa med å halde oversyn over ein stor organisasjon og med å syte for ein god planlegging.

– Desse historiene er ikkje hovudforklaringa. Men vikarar, vakansvakter og måten å drive sommaren på, kombinert med lågare pasientaktivitet, er hovudgrunnen til at juni og juli ser så ille ut som dei gjer. Det er særleg i dei små og sårbare fagmiljøa at slike bommar som dette gjev seg aller størst utslag, seier Espen Remme.

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal behandlar kostnadsoverskridingane i dag, onsdag 30. august.