NRK Meny
Normal

Forventar eit målrikt toppoppgjer

Dei mestscorande laga i Tippeligaen lovar ein målrik kamp på Aker stadion i kveld. Med seier på bortebane kan Lillestrøm melde seg på i medaljestriden.

Lillestrøm besiktiger Aker stadion

Lillestrøm sjekkar grasmatta på Aker stadion før oppgjeret mot Molde måndag kveld.

Foto: Gunnar Sandvik

Serieleiar Molde FK møter eit Lillestrøm-lag som kan bli med i medaljekampen viss dei slår Molde på Aker stadion i kveld.

Når dei to mestscorande laga i Tippeligaen møtest i Molde kan det bli ei målrik affære.

Forventar ein tøff kamp

Molde-spelar Magne Hoseth bur seg på ein tøff kamp.

Magne Hoseth

Magne Hoseth, Molde FK, er budd på ein hard kamp mot Lillestrøm SK.

Foto: Erik Birkeland / Scanpix

– Det blir ein knallhard kamp, Lillestrøm har vunne fem av dei siste seks kampane. Men me har eit godt tak på Lillestrøm på heimebane og må berre bruke det til vår fordel, seier Hoseth.

– To angrepsvillige lag. Blir det målrikt i dag, trur du?

– Det blir alltid målrikt når me spelar mot Lillestrøm.

– Ikkje kjedelege kampar

Trenar for LSK, Henning Berg, er samd i analysen til Hoseth.

– Me er det mestscorande laget i Tippeligaen og det er me stolte av. Det vert ikkje kjedelege kampar, for å seier det slik.

Og Lillestrøm-trenaren har tru på mange mål og god underhaldning i kveld, men innrømmer at dei har sleppt inn for mange baklengsmål.

Henning Berg

LSK-trenar Henning Berg trur på eit målrikt kamp oppgjer mot Molde.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix

– Viss me kan sleppe inn færre mål og halde fram med å score så skal me vere nøgde, men me møter det beste laget i tippeligaen så langt og det blir ein super test for unggutane våre i dag, seier Berg.

Jaktar edelt metall

Lillestrøm ligg på femteplass i ligaen og jaktar toppsjiktet i serien. Dei kan vere med i medaljekampen i haust., med seier mot Molde.

– Me har gitt oss sjølv ei god mulegheit no. For sjølv om spelet har variert i det siste har me fått gode resultat. Molde er eit godt heimelag, men me har spelt godt på bortebane i år. I tillegg har me eit spanande og ungt lag som nok har lyst til å vise seg frå seie aller beste side, spår Berg framfor kampstart.

Magne Hoseth i MFK trur det er laget som er flinkast til å forsvara seg som går av med sigeren.

Kampen i kveld vert sparka i gang klokka 19.00 på Aker Stadion.