Hopp til innhold

Reagerer på svar etter «Bakke-henging»: – Mest forkasteleg at dei seier at dette er humor

Lillestrøm tok partiet til supporterane etter at dei «tok livet av» eks-trenar Geir Bakke på eit omdiskutert banner mot Vålerenga. No får klubben kritikk.

Lillestrøm fansen

BAKKE-BANNER: Kanari-fansen sparte ikkje på krutet då dei tok imot rivalane frå Oslo.

Foto: NTB

For det var ein gest mot tidlegare Lillestrøm-trenar Geir Bakke som stal mykje av merksemda etter hatoppgjeret på Åråsen søndag.

På eit stort banner frå heimefansen vart Geir Bakke portrettert hengjande frå ein galge, med «Judas» skriven i panna. Dette som ein takk for sist etter at trenaren forlét LSK og tok jobben som hovudtrenar hos erkerival Vålerenga i sommar.

Overfor VG tok LSKs styreleiar Morten Kokkim det omdiskuterte banneret i forsvar og beskreiv det som «humor».

Geir Bakke

REAKSJONAR: Klubb-bytet til Bakke var svært kontroversielt.

Foto: NTB

Skjønar ikkje humor-utspel

Det får Jahn Ivar «Mini» Jakobsen til å reagere. Han likte ikkje gesten, eller banneret, i det heile. Men utsegnene frå LSKs styreleiar vart toppen av kransekaka for den tidlegare landslagsprofilen.

– Eg veit ikkje om eg skal bruke ordet forkasteleg, men det som er mest forkasteleg er at Lillestrøm seier at dette er humor. For det er det jo definitivt ikkje, seier Jakobsen.

Han held fram:

– Ser ein på reaksjonane i ettertid, ser ein at dette ikkje er humor i det heile tatt, seier den tidlegare fotballprofilen.

Jahn Ivar "Mini" Jakobsen

REAGERER: Jahn Ivar «Mini» Jakobsen meiner Lillestrøm burde beklage.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Jakobsen seier at han skjønner at Lillestrøm-supporterane faktisk ikkje ønskjer at Vålerenga-trenaren skal døy, men meiner det kan sende eit feil signal til unge.

I tillegg trekkjer han også fram timinga, få dagar etter at to svenskar vart skotne og drepne i Brussel, rett i forkant av kampen mellom Belgia og Sverige.

Summen av det gjer at Lillestrøm burde reagert, meiner Jakobsen.

– Eg meiner spesielt klubben berre burde leggje seg flat og seie «beklagar, dette var ei feilvurdering frå oss».

I ein SMS til NRK svarer styreleiar Kokkim på kritikken:

– Så lenge tilskodarar på Åråsen, både bortesupporterar og heimesupporterar, held seg innanfor det som er lovlege ytringar, så skal det veldig mykje til for at vi kan, eller skal, gå inn og sensurere desse. Ut over det har vi ikkje meir å leggje til i denne debatten.

– Ikkje akseptabelt

Jakobsen er klar i sin tale når han meiner at NFF burde gi Lillestrøm ei irettesetjing.

– Eg meiner at det ikkje er akseptabelt at ein supporterklubb og ein klubb skal akseptere slikt. Eg meiner det er langt over grensa for kva vi skal utsetje dei unge supporterane våre for, seier han.

– Eg synest det er synd at Lillestrøm ikkje tek avstand frå det, samanfattar Jakobsen.

Hovudpersonen sjølv, Geir Bakke, meinte det heile var innanfor.

– Eg hadde tre og eit halvt fine år her, med den galne gjengen der i ryggen, og no har eg valt å stille meg utanfor. Eg aksepterer det, det er greitt, sa Bakke til NRK søndag.

I tillegg til banneret, song også Lillestrøm-supporterane «etter matchen skal du døy». Til VG fortalde Kokkim søndag at han ikkje høyrde songen, men at han meinte at supporterane kunne spart seg for det.

Generalsekretæren i Noregs Fotballforbund, Karl-Petter Løken, uttalte søndag at dei meinte det heile vart litt for mykje.

– Vi skal tole ein dryg sarkastisk tone, men kombinasjonen banner, tifo og song om at «etter kampen skal du døy» vart etter vårt syn for mykje og gir eit upassande signal til alle som følgjer norsk fotball, skreiv Løken til VG.

Kva synest du om Geir Bakke-banneret?

Også VGs Leif Welhaven reagerer på det som skjedde på Åråsen søndag. I ein kommentar hjå eiga avis kallar han det heile for pinleg og patetisk.

Overfor NRK utdjupar Welhaven synet sitt:

– Ein blir skuffa over LSK som klubb. Det er eit arrangement, og ein fotballkamp skal vere for alle. Også barn. Det er utanfor grensa for kva vi må tole å sjå på norske tribunar, meiner han.

– Det er heilt innanfor

Ole Kristian Sandvik er talsmann i Norsk Supporterallianse (NSA), men også Vålerenga-supporter og varamedlem i styret til Vålerenga Fotball Elite.

Han har eit anna syn på saka enn Jakobsen, og det trass i å vere tilhengjar av dei blå.

– Det er sjølvsagt kjipt som Vålerenga-supporter. Det kjem jo mot eigen trenar, men som fotballsupporter, så høyrer sånt heime på norske stadion, meiner Sandvik.

– Det var sterke kjensler knytt til denne kampen, spesielt for LSK-fansen. Det er heilt innanfor, og eg synest ein må tole såpass, legg han til.

Vålerenga

BAKKE-BANNER: Etter stunta på Åråsen, ser hovudpersonen på det heile som noko han må tole.

Foto: NTB

Åtvarar mot å flytte på grensene

NRK har vore i kontakt med Norsk Fotballtrenerforening. Dei fortel at dei har teke kontakt med Geir Bakke etter hendinga på Åråsen søndag, men at dei vil ikkje uttale seg om den konkrete situasjonen.

Likevel er dei tydeleg på at det er ei grense på kva som er greitt.

– Hets høyrer ikkje heime i idretten. Grensene kan ikkje berre bli flytta på, for kvar er vi då om fem år, spør styreleiar i NFT, Dag Opjordsmoen, retorisk overfor NRK.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal