Hopp til innhold

Byane må satse på grønne tiltak for å få bypakke-pengar

Kampen om pengar til bypakkane i Møre og Romsdal blir knallhard. Ein god miljøprofil blir heilt avgjerande.

Innfartsveg Ålesund

Byane må gjere grep for å dempe biltrafikken om dei ønskjer pengar frå staten til bypakkane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ein god miljøprofil blir heilt avgjerande for kva byar som får pengar til sine vegpakkar.

– Staten er veldig oppteken av at byane innfører verkemiddel eller gjer grep for å prøve å dempe veksten i biltrafikken, seier strategisjefen i Statens vegvesen, Kjetil Strand.

Dermed vil ein bypakke som berre inneheld bygging av vegar ha små sjansar til å oppnå pengane frå staten.

– Då må det inn ei stor satsing på både kollektivtrafikk, sykkeltrafikk og gonge, seier Strand.

Kjetil Strand

Strategisjef Kjetil Strand i Statens vegvesen.

Foto: Remi Sagen / NRK
Knallhard konkurranse

Regjeringa vil sette av 26 milliardar kroner til bypakkar i landet. Dermed er det ein knallhard konkurranse mellom byane.

Strand reknar med at i pakken på 26 milliardar kroner er det alt teke med pengar som skal gå til gong- og sykkelvegar.

Tre byar i fylket

Tre kommunar jobbar med bypakkar i Møre og Romsdal. Ålesund, Molde og Kristiansund er i full gang med eit program for utbetring av vegar, kollektivtrafikk, og gang og sykkelvegar.

– Reint formelt har vel Molde kome lengst med bypakken sin i fylket i og med at dei for andre gong har fatta bystyrevedtak, slik at dei har eit formelt grunnlag for ein bompengesøknad.

Kristiansund firefeltsvei

Kristiansund har lengst veg å gå for å få pengar frå staten meiner Strand.

Foto: Runar Tafjord / NRK

Ålesund har og jobba med bypakken lenge.

– Dei blir litt forsinka gjennom at vi framleis held på med ei konseptvalutgreiing, seier Strand.

– Betyr det at Kristiansund har den lengste vegen å gå per i dag?

– Det er kanskje minst modent i Kristiansund, slik at det er ei utfordring for Kristiansund å tenke prioritering og få sett i gang planlegging, seier Strand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL