Hopp til innhold

Vil trekke inn to nye valdtektspåstandar i saka mot Molde-spelaren

Når ankesaka mot den valdtektssikta Molde-spelaren skal opp i lagmannsretten neste år kan han ha to nye valdtektspåstandar mot seg.

Nora Mørks advokat, John Christian Elden.

ADVOKAT: John Christian Elden er advokat både for kvinna som fekk 150.000 kroner i erstatning trass i at Molde-spelaren vart frifunnen for valdtekt – og ei kvinne som hevdar å ha blitt valdtatt av den noverande Molde-spelaren hausten 2014.

Foto: Martin Giæver / NRK

Valdtektene skal ha skjedd i 2014 og 2015.

– Alt heng saman med alt, seier John Christian Elden til NRK.

Han er advokat for kvinna som fekk 150.000 kroner i erstatning i sommar, trass i at spelaren vart frifunnen for ei sovevaldtekt mot kvinna.

Dessutan har Elden også blitt advokat for ei anna kvinne som hevdar å ha blitt valdtatt av den same spelaren hausten 2014, før vedkomande vart Molde-spelar.

Sverige-sak vart lagt vekk

Elden har bedt statsadvokaten og Vest politidistrikt om å sjå desse sakene i samanheng.

Det same gjeld endå ei sak – frå november 2015. Då vart spelaren meldt for å ha valdtatt ei kvinne under eit opphald i Sverige. Saka, som vart etterforska av politiet i Stockholm, vart lagt vekk i mars året etter.

– Saka frå Sverige er innhenta då det er høve til bevisførsel frå straffesaker som er lagt vekk for å setje lys på eit nytt modus. Det at det blir tatt ut ein eller to tiltalar i Norge, gir også eventuelt grunnlag for å gjere ei ny vurdering i den svenske saka, seier Elden.

NRK har vore i kontakt med Vest politidistrikt om saka. Dei vil ikkje kommentere ho og viser vidare til Møre og Romsdal politidistrikt. Seksjonsleiar Kjell Olav Moen ved Molde politistasjon seier at dei ikkje ønskjer å kommentere saka.

John Christian Elden, hovedforsvarer for Ubaydullah Hussain idet saken mot Hussain og en 19 år gammel mann, startet i Oslo tingrett, torsdag.

DREG INN SAK FRÅ SVERIGE: Advokat John Christian Elden meiner det er relevant for politiet å sjå på ei sak frå Sverige frå 2015 på nytt.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Sikker på frifinning

Advokaten til Molde-spelaren, Øyvind Panzer Iversen, er trygg på at dei nye valdtektspåstandane ikkje vil forandre saka.

– Klienten min er trygg på dette ikkje stiller saka i noko anna lys enn kva han har hevda heile tida. Han er sikker på at straffesaka vil ende med frifinning i lagmannsretten, seier han til NRK.

Det var fotballbladet Josimar som først omtala episoden frå hausten 2014. Kvinna hevdar ho vart valdtatt av den noverande Molde-spelaren og samtidig vart gravid. Barnet vart fødd sommaren 2015.

– Politiet melde forholdet som valdtekt etter at ho hadde gitt ei vitneforklaring om forholdet mellom seg og Molde-spelaren, seier John Christian Elden.

Molde FK

MOLDE-SPELAR: Spelaren som er tiltala for å ha valdtatt ei kvinne i mai 2017 har spelt i Molde FK dei siste sesongane. Tidlegare har han spelt for andre norske toppklubbar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Vil legge fram telefonsamtale

Den nye påstanden om ei valdtekt før jul 2014 kommenterer Øyvind Panzer Iversen slik:

– Klienten min er kjent med skuldingane. For nokre veker sidan bad eg politiet om å kalle oss inn til avhøyr. I det høvet vil han legge fram eit opptak frå ein telefonsamtale mellom han og den tidlegare kjærasten der ho uttrykker at det ikkje har skjedd ei valdtekt.

Etter at Molde-spelaren vart frikjent for sovevaldtekta, som skal ha skjedd på ei nachspiel i mai 2017, valde aktor å anke saka til lagmannsretten.

Sannsynlegvis kjem ikkje saka opp før til våren, fordi John Christian Elden er oppteken med Eirik Jensen-saka.

Øyvind Panzer Iversen

TRUR PÅ FRIFINNING: Øyvind Panzer Iversen er advokaten til den valdtektstiltalte Molde-spelaren.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL