Hopp til innhold

Molde truleg til Polen, Hødd til Austerrike eller Island med avansement

Molde møter mest truleg Legia Warszawa, medan Hødd møter Sturm Graz eller Breidablikk. Om laga går vidare då, sjølvsagt.

Daniel Chima Chukwu

Daniel Chima Chukwu sikra Molde eit godt utgangspunkt med 1–0 borte mot Sligo Rovers.

Foto: Morgan Treacy/INPHO / NTB scanpix

Då er det klart kven både Molde og Hødd eventuelt møter i sine tredje kvalifiseringsrundar.

Molde møter anten The New Saints FC frå Wales eller Legia Warszawa frå Polen. Polakkane vann 3–1 borte i Wales, så oddsa er på deira side. Molde har også oddsa med seg etter 1-0-siger borte mot Sligo Rovers i første kamp i andre kvalikrunde.

Første kamp går 30. eller 31. juli, med retur 6. eller 7. august for Molde.

Hødd på si side møter anten islandske Breidablikk eller austerrikske Sturm Graz dersom dei tek seg vidare mot Aktobe. Hødd har 1–0 med seg frå Høddvoll til Kasakhstan. Breidablikk og Sturm Graz spelte 0–0 på Island i første kamp.

Første kamp går 1. august, med retur 8. august for Hødd.

Kunne få Basel – igjen

I fjor var det Basel som overmanna Molde i tredje kvalifiseringsrunde, før sveitsarane seinare rauk på bortemålsregelen mot rumenske CFR Cluj.

Før Molde når tredje runde må dei ta seg vidare frå den andre, men det blei 1-0-siger i bortekampen mot irske Sligo Rovers, så oddsa er på Molde si side. Returkampen går på Aker stadion 23. juli.

I tredje runde kan det bli betydeleg tøffare motstand, og igjen er Basel blant laga Molde kan møte.

I tillegg er lag som rumenske Steaua Bucuresti – som Molde møtte i fjorårets Europaliga – i potten. Apoel FC frå Kypros, Legia Warszawa frå Polen og FK Partizan er andre moglege motstandarar.

Aktobe mot Hødd

FC Aktobe, her representert ved to supporterar i Ulsteinvik, er Hødd sin motstandar. Blåtrøyene tek med seg ei 1-0-leiing til Kasakhstan.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Swansea til Sunnmøre?

Hødd håpte sikkert på meir enn eitt mål i pluss med seg frå Høddvoll, men fjorårets cupmeister slo vitterligen den kasakhstanske seriemeisteren 1-0 torsdag kveld .

Dermed har blåtrøyene framleis ei god moglegheit til å ta seg vidare i Europaligaen. Returkampen mot FC Aktobe blir spelt torsdag 25. juli.

Dersom Hødd faktisk tek seg vidare til tredje kvalifiseringsrunde, kan det bli svært så kjend motstand. Hødd er (sjølvsagt?) ikkje seeda, og motstanden blir uansett ekstremt tøff.

Det mest kjende laget Hødd kan møte er no Swansea frå Premier League, men lag som Rubin Kazan (Russland), Lech Poznan (Polen) og Vitesse (Nederland) er ikkje akkurat smågutar.

Standal jublar

Espen Standal scora det einaste målet då Hødd møtte FC Aktobe torsdag.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL