NRK Meny
Normal

Hit må Molde i mesterliga-kvaliken

Molde skal truleg møte polske Legia Warszawa i tredje kvalifiseringsrunde i meisterligaen. Det vart klart etter trekninga fredag.

Legia Warszawa

Legia Warszawas bane i Polen. Hit skal mest truleg Molde for å kome seg vidare i meisterliga-kvaliken

Foto: EuroFootball / Getty Images

Molde slo irske Sligo Rovers 1-0 borte i første kamp i andre runde, og har dermed gode sjansar til avansement etter heimekampen komande tysdag.

Samstundes slo Legia sin walisiske motstandar The New Saints 3–1 i første kamp, også det borte. Dermed verkar det sannsynleg med kamp mellom Molde og Legia i neste runde, med første kamp i Molde.

Første kamp går 30. eller 31. juli, med retur 6. eller 7. august.

Heile trekninga for 3. kvalikrunde ser slik ut:

Basel (Sveits) - Györ (Ungarn) eller Maccabi Tel Aviv (Israel)

Sligo (Irland) eller Molde (Norge) - Legia Warszawa (Polen) eller The New Saints (Wales)

Slovan Bratislava (Slovakia) eller Ludogoretz Razgrad (Bulgaria) - Shirak (Armenia) eller Partizan Beograd (Serbia)

Dinamo Tbilisi (Georgia) eller EB/Streymor (Færøyane) - Steaua Bucuresti (Romania) eller Vardar (Makdeonia)

APOEL (Kypros) - Birkirkara (Malta) eller Maribod (SLovenia)

Celtic (Skottland) eller Cliftonville (Nord-Irland) - Elfsborg (Sverige) eller Daugavpils (Latvia)

BATE Borisov (Kviterussland) eller Shakhtar Karagandy (Kasakhstan) - Neftchi Baku (Aserbajdsjan) eller Skenderbeu Korce (Albania)

Austria Wien (Austerrike) - Ekranas (Litauen) eller Hafnarfjørdur (Island)

HJK Helsinki (Finland) eller Nomme Kalju (Estland) - Viktoria Plzen (Tsjekkia) eller Zeljeznicar (Bosnia)

Fola Esch (Luxemburg9 - Dinamo Zagreb (Kroatia - Sherfi Tiraspol (Moldova) eller Sutjeska Niksic (Montenegro)

Nordsjælland (Danmark) - Zenit St. Petersburg (Russland)

Salzburg (Austerrike) - Fenerbahce (Tyrkia)

PAOK Tessaloniki (Hellas) - Metalist Kharkiv (Ukraina)

PSV Eindhoven (Nederland) - Zulte Waregem (Belgia)

Lyon (Frankrike) - Grasshoppers (Sveits)

Fotballnyheter