Hopp til innhold

– Det vi har gjort i dag er svært imponerande

Cupmeister Hødd vann 1-0 heime på Høddvoll over kasakhstanske Aktobe. No ventar ein tøff bortekamp neste torsdag, og både trenar og matchvinnar har trua.

Lars Arne Nilsen
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Nok eit kapittel blei skrive inn i Hødd si rike fotballhistorie, etter at kasakhstanske FC Aktobe blei slått av dei blåkvite i andre kvalifiseringsrunde til Europaligaen på Høddvoll torsdag.

Cupfinaletriumfen mot Tromsø på Ullevaal gav Hødd sjansen til å for første gong spele mot verkeleg store europeiske lag. Overraskinga var difor stor då totalt ukjente, kasakhstanske FC Aktobe blei trekt som motstandar.

Hødd pressa på frå start

Hødd gjekk fryktlaust til verks i opningsminutta, og pressa høgt. At Aktobe har mange teknisk gode spelarar, såg ikkje ut til å resultere i konkrete målsjansar. Ballen stoppa som oftast på midtbana, slik at Hødd kunne ta over igjen.

Etter 10. minutt var Erik Sandal nær ved å sende Hødd i leiinga, då han med eit flott frispark tvang Aktobe sin sisteskanse ut i fullt tigersprang.

Fleire gode Hødd-sjansar prega første halvdel av første omgang.

Saka held fram under bildet.

Espen Standal scorar

Espen Standal vart matchvinnar for Hødd med si scoring rett før halvtimen. Her feirar han saman med lagkamerat Pål André Helland, som no skal til Rosenborg (t.v).

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Flott Standal-mål

Kampuret viste 28 minutt då Espen Standal banka inn 1-0 til Hødd. Unge Fredrik Aursnes avanserte hurtig på midtbana og forsøkte på eit skot frå vel 30 meter. Lærkula gjekk derimot rett i ein Aktobe-spelar.

Heldigvis for Hødd datt ballen ned bak forsvarsrekka til kasakhstanarane, der goalgetter Espen Standal stod klar. Standal gjorde det einaste riktige, og banka ballen i mål. Hødd gjekk dermed fortent opp i leiinga, 1-0.

Etter 40 minutt prøvde Pål André Helland venstreslegga frå hjørnet av sekstenmeteren, men keeperen til Aktobe klarte akkurat å avverje.

Hødd leia fortent til pause, etter scoringa til Espen Standal.

Aktobe-spiller

Mykje av spelet til Aktobe gjekk gjennom den sentrale midtbanespelaren Marat Khairullin. Det hjalp lite, då Fredrik Aursnes (t.v) og midtbanetrioen til Hødd hadde rimelig god kontroll på motstandarane sine framstøt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Sjansar i begge endar

Hødd helt fram med å presse Aktobe bakover i starten av andre halvdel. Få minutt inn i omgangen prøvde Rosenborg-klare Pål André Helland nok ein gong å gi Hødd-publikummet ei avskjedsgåve i form av eit mål. Helland skaut frå skrått hald, nærmare 20 meter frå mål, men keeper fekk nok ein gong avverja.

Etter 54 minutt fekk Aktobe sin første skikkelege målsjanse, då Sergey Davidov avslutta frå like utanfor sekstenmeteren til Andreas Lie. Sisteskansen til Hødd hadde derimot stålkontroll på forsøket. Erik Sandal prøvde seg frå 25 meter nokre minutt etter, men avslutninga frå Hødd-veteranen gjekk godt over tverrliggaren.

I motsett ende av bana var Sergey Davidov etter 65 minutt nok ein gong på rett plass til rett tid, men igjen var Andreas Lie på ballen.

Etter 69 minutt kom Hødd i overtall mot forsvarsrekka til Aktobe. Joachim Magnussen blei servert ballen frå Pål André Helland, og hadde all verda med tid. Lysluggen frå Forsnavåg fyrte av frå skrått hald, men keeper Andrey Sidelnikov hadde god kontroll.

Dribleshow frå Helland

Ein Pål André Helland i driblehumør lukkast svært godt innanfor sekstenmeteren til Aktobe med tjue minutt igjen på kampuret, men nok ein gong var Aktobe-keeperen på alerten.

Med to minutt igjen på klokka kom Hødd fram til nok ein farleg sjanse, då Erik Sandal førte ballen framover, og til slutt fekk avslutta på mål. Ein sjanse som fekk mesteparten av publikum til å hoppe opp frå setet.

Hødd vann til slutt fortent 1-0, og publikum på Høddvoll fekk godt betalt for inngongsbilletten.

Jubel på Høddvoll

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen (t.h.) jublar saman med Eirik Heltne, assistenttrenar Sindre Eid, keepertrenar Ronny Osnes og Pål André Helland.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Returoppgjer i Kasakhstan

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen og matchvinnar Espen Standal er godt nøgde med sigeren.

– Det var utruleg herleg å skåre det målet. No blir det ekstra spanande med langtur neste veke, sa Espen Standal til NRK etter kampen.

For i neste veke skal Hødd til Kasakhstan, der mellom anna heilt andre vêrforhold ventar dei blåkvite frå Ulsteinvik. Då blir det eit klima som kan vere til fordel for Aktobe, og ikkje Hødd, slik som den våte Høddvoll-matta var under torsdagens oppgjer.

– Det er eit godt utgangspunkt å vinne denne kampen. No gjeld det berre å trøkke på i neste kamp, for han veit vi blir tøff, seier Lars Arne Nilsen.

– Kasakhstan er eit mykje større og mykje meir folksamt land enn Noreg, og dette er eit av topplaga der borte. Det vi har gjort i dag er svært imponerande, sa Hødd-trenaren avslutningsvis.

Hødd sitt lag (4-3-3): Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben Kenneth Brandal - Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes - Erik Sandal - Pål Andre Helland, Espen Standal, Joachim Magnussen

Blåsarane på Høddvoll

2019 menneske tok turen då Hødd spelte kvalifisering til Europaligaen. Her er ein del av supportargjengen Blåsarane.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL