Etter å ha budd berre ei veke i Ørsta på Sunnmøre skal polske Maja Herner onsdag 21. november ha gått seg ein tur i retning det 1303 meter høge Saudehornet. Sidan har det blitt jobba intensivt med å finne henne – utan resultat.
Og no skaper vêret trøbbel for nye søk.
Inger Myklebust Ferstad
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Akkurat no kan ikkje politiet gjere ytterlegare søk i terrenget og fjellpartiet grunna verforholda. Vi søker så fort det er praktisk mogleg og trygt, seier politiadvokat og etterforskingsleiar, Inger Myklebust Ferstad.
Det har snødd mykje og vore kaldt i Ørsta den siste tida, men dei siste dagane har det ikkje kome meir nedbør.
Mildare meldingar
25. november, same dag som politiet kunngjorde at Maja Herner sannsynlegvis er omkoma, tok eit politihelikopter frå Oslo nærare 3000 bilete i fjellområdet der ein har gått ut frå at den polske kvinna har vore.
Frå leiteaksjonen etter Maja Herner i november.
Foto: Roar Strøm / NRK– Ut frå gjennomgangen og funn på bileta som politiet vurderer at ein må søke nærare, blir det laga ein operativ plan for vidare søk, seier Inger Myklebust Ferstad, utan å kunne gå nærare inn på kva desse funna er.
Men verforholda gjer altså at dei ikkje får gjort nye søk i fjellet på bakgrunn av eventuelle funn i biletmateriala.
Ingen veit derfor når søka starta, om dei i det heile kan starte i år.
Maja Herner skal ha gått frå ein parkeringsplass i Vikegeila og i retning Saudehornet, eit fjell på 1303 meter.
Ifølgje Meteorologisk institutt er det usikre meldingar for Ørsta framover.
– Det blir sannsynlegvis mildare framover, kanskje frå helga av. Det er også sannsynleg at det kjem ein del nedbør neste veke, men ikkje avskrekkande mykje, seier Marit Berger ved Meteorologisk institutt til NRK.
Over 120 vitneavhøyr
Men fleire NRK har snakka med sår tvil om det er mogleg å finne Maja Herner i fjellet i vinter, om ho i det heile er i fjellet.
Mange spekulerer i om Maja Herner kan ha blitt utsett for noko kriminelt, men politiet har ingen spor per no som tilseier ei straffbar haldning, ifølgje Inger Myklebust Ferstad.
Så langt er over 120 vitneavhøyr gjennomførte. Dette gjeld personar som har vore i fjellområdet 21. november, dagen Herner vart meldt sakna.
Maja Herner parkerte på parkeringsplassen ved dette bygget då ho skulle gå tur.
Foto: Einar Orten Trovåg / NRKFølgjer digitale spor
Politiet jobbar også med å sjekke digitale spor. Men dei kan ikkje gå i detalj på kva dei eventuelt har funne ut som kan ha interesse for saka.
Sannsynlegvis har Maja Herner hatt to mobiltelefonar, ein som politiet har kontroll på og ein som Herner hadde på seg då ho gjekk på tur onsdag 21. november.
Det er aktivitet på denne mobiltelefonen som har gitt politiet grunn til å tru at Herner er eller har vore i fjellområdet, men det er umogleg å seie kor høgt ho har vore.
Mysteriet Maja Herner
- 21. november etter kl. 13.00Sender meldingar
Maja Herner sender meldingar til fleire kjenningar om at ho har tenkt seg ein tur «up to the mountains».
- 21. november 2018 ca. kl. 12.35På butikken
Maja Herner blir observert på ein daglegvarebutikk i Ørsta. Ho kjøper vanlege varer som ho sannsynlegvis tek med seg til bustaden sin i Ørsta.
- 21. november ca. kl. 14.30Starta turen
Maja Herner skal ha starta på turen sin. Ho parkerer bilen sin ved ein populær turveg i Vikegeila i Ørsta. Frå denne vegen kan ein kome seg til det 1303 meter høge Saudehornet.
- 21. november kl. 18.30Leiteaksjon
Det blir sett i gang ein leiteaksjon etter Maja Herner. Røde Kors og ein luftambulanse deltek.
- 21. november kl. 21.30Utvidar leiteaksjonen
Leiteaksjonen blir utvida, mellom anna med redningshelikopter frå Florø.
- 22. novemberLeitinga held fram
Mange frivillige har meldt seg og deltek i søket. Politiet opplyser kl. 13.30 at dei ikkje har nokon spor og at dei gjerne vil ha tips i saka.
- 23. novemberEndå fleire deltek
Også elevar frå folkehøgskulen i bygda deltek no i søket, saman med fleire hundre andre frivillige. Det blir mellom anna leita i hagar i Ørsta ikkje langt frå der Maja Herner skal ha starta turen sin.
- 24. november, om ettermiddagenSperra av området
Politiet sperra av eit området der det skal ha blitt funne interessante gjenstandar. Men politiet seier at funna ikkje treng om å ha noko med den sakna kvinna å gjere.
- 25. november ca. kl. 14.00Tek bilete frå helikopter
Eit politihelikopter frå Oslo bidreg med å ta foto av fjellområdet.
- 25. november, ca. 17.30Avsluttar aksjonen
Politiet melder at redningsaksjonen er avslutta. Dei trur ikkje lenger det er håp om å finne Maja Herner i live.
- 26. novemberGår gjennom bileta
Politiet opplyser at det er tatt om lag 2800 bilete frå fjellområdet som dei skal gå gjennom.
- 28. novemberLeitar igjen
Politiet opplyser at leitinga i fjellområdet held fram. Mellom anna bidreg hundar i søka.
- 29. novemberDrone
Det blir sett i gang søk med drone. Om ettermiddagen opplyser politiet at dronesøka ikkje gav resultat.
- 3. desemberOpen for alle teoriar
Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad seier til NRK at dei må halde alle teoriar opne, sjølv om dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart. Same dag kjem det fram at vennar av Maja Herner har starta ein innsamlingsaksjon for å sende polske privatetterforskarar til Ørsta.
- 5. desemberRykte og spekulasjonar
Ørsta-ordførar Stein Aam stadfestar at det går mange rykte i bygda om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. – Saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar, seier Aam til NRK.
- 6. desemberUsikkert kor høgt i fjellet
Inger Myklebust Ferstad opplyser til NRK at dei ikkje kan seie nøyaktig kor høgt i fjellet Maja Herner kan ha vore. – Dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.
- 12. desemberVeret hindrar nye søk
Politiet ønskjer å gjere nye søk i fjellområdet, men dårleg ver hindrar nye søk. Det er kaldt i Ørsta og mykje snø i fjellet.
- 28. desemberPolsk detektivbyrå
NRK skriv at eit polsk detektivbyrå har lansert andre teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. Detektivbyrået samarbeider ikkje med politiet i Norge.
- Nyttårshelga 2019Nytt søk
Etter tips frå publikum om observasjon av ramn gjer politiet eit nytt søk 300-400 meter over havet. Søket blir utan resultat.
- 8. januarBer om observasjonar
Politiet ber publikum melde inn observasjon av ørn og ramn nær bakken i det aktuelle fjellområdet i Ørsta.
- 10. januarNye søk
To spesialtrena hundreekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt gjorde søk i terrenget. Dei gjorde ingen funn av interesse.
- 21. januarRedde for å gå tur
Fleire sentrale personar i Ørsta-samfunnet seier at turgåinga i området der Maja Herner skal ha forsvunne har gått drastisk ned dei to siste månadane. Mange er redde grunna den uavklara situasjonen.
- 18. februarStillstand
Politiet opplyser at det ikkje er gjennomført nye søk i terrenget sidan 10. januar.
- 24. maiHar lagt planen
Politiet melder at dei har blinka ut konkrete stader dei skal leite etter Maja Herner i sommar. – Det er seks til sju stader vi er nøydde til å få undersøkt i løpet av sommaren. Vi er avhengige av hjelp fra alpine redningsgrupper og vi må vente til snøen har forsvunne. Dette er stader som er vanskelege å kome seg til og vi har ikkje vore er tidlegere, seier politiinspektør Yngve Skovly.
- 16. juliVentar framleis
Mykje snø seint på året har gjort at leitingsarbeidet etter Maja Herner framleis står på vent. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.
- 15. augustStarta søk med drone
Politiet starta å søke i fjellet med drone. Det er utfordrane arbeid, og ein er avhengig av godt ver for å få noko ut av bilda.
- 22. septemberNye helikoptersøk
Politiet gjennomførte nye helikoptersøk i området rundt Saudehornet i Ørsta. Samtidig tok dei bilde av område dei ønska å sjå nærare på.
- 26.septemberFår hjelp av Kripos
Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei får hjelp av Kripos. Cold Case-gruppa skal no sjå gjennom alt etterforskingsmaterialet for å sjå om det er fleire etterforskingsskritt som bør bli gjennomført.
- 21. november 2019Sakna i eitt år
Maja Herner har vore sakna i eitt år.
- 22. novemberNytt søk
Røde Kors gjennomfører nye søk etter Maja Herner i Ørsta. Nye tips om mykje ramneaktivitet i eit område, der det har vore leita lite før, gjer at det blir sett i gang nye søk.