Hopp til innhold

- Travis kjem på sunnmørsk spleisefest i sommar

Travis, eit av Storbritannias største band kjem på spleisefest på Sunnmøre. Sommarfesten på Giske er kjent som ein annleis festival, der publikum tar med seg mat til felles bruk.

Travis kjem på Sommerfesten

Bandet Travis frå Storbritannia skal underhalde på spleisefest på Sunnmøre i sommar.

Hjerter

Minnemarkering under Sommerfesten i fjor, gjorde stort inntrykk på vokalist i Travis, Fran Healy.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Det som starta som ein spleisefest i fjøresteinane på Giske på Sunnmøre i 2004, har vakse til ein musikkfestival med 20.000 publikummarar. Men Sommerfesten på Giske er framleis ein spleisefest, der ein deler på maten som gjestane tar med seg. I år kjem bandet Travis, som har vunne fleire Brit Awards og har mange kjende hitar.

Største band

– Det blir kjempestort å ha Travis her. Både vi og dei gler oss, seier Ante Giskeødegård. Han er dagleg leiar i Momentium som står bak festivalen.

Ante Giskeødegård

Ante Giskeødegård gler seg til at Travis skal opptre på Sommerfesten

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Han meiner bandet passar fint inn på den sunnmørske spleisefestivalen.

LES OGSÅ:

Gjorde inntrykk

Fran Healy, vokalist i skotske Travis

Fran Healy likte seg så godt på Sommerfesten i fjor, at han i år kjem tilbake med heile bandet.

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

Låtskrivar Fran Healy i Travis besøkte festivalen i fjor, og hadde ei sentral rolle under markeringa av 22. juli. Publikum lyfta raude hjerter mot himmelen, som ei stille støtte til dei omkomne, overlevande og pårørande.

Healy hadde med seg både kone og sonen til Sunnmøre og sa at han ville kome tilbake.

– Det er ein annleis festival og det trur eg fall i smak, seier Giskeødegård.

Publikumstak

I tillegg til Travis kjem også andre kjende artistar som Sivert Høyem, Sondre Lerche, Melissa Horn og Jonas Alaska.

Sommerfesten Giske

Sommerfesten på Giske er ein enorm spleisefest.

Foto: flickr.com/photos/bildethu

Det er sett eit publikumstak på 20.000 i år.

– Dette er det sterkaste program vi nokon gong har hatt og eg trur mange vil ta turen, seier Giskeødegård.

Baker kaker

Det er en spleisefest der publikum tar med mat, hender det at artistane også deler sin mat?

– Ja, det har faktisk skjedd at artistar har gitt crewet sitt beskjed om å lage mat, ler Giskeødegård. Han understrekar at både Travis og dei andre skal sleppe å bake kake. Dei bidreg nok under festivalen med god musikk.