Hopp til innhold

Hjertevarm markering mot terror

I går stod 20 000 festivaldeltakarar på øya Giske på Sunnmøre saman i ei støttemarkering for dei som er hardast råka av terrorangrepa sist veke.

Hjerter

På førhand hadde arrangørane hadde trykt opp 20 000 raude hjerte, som blei delt ut til publikum.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Musikkfestivalen Sommerfesten samla meir enn 20 000 festivaldeltakarar på den lille øya Giske. Etter terroråtaka i Oslo og på Utøya sist veke, blei programmet lagt om, for å gjere plass for ei minnemarkering.

20 000 hjerte

Axel Henie

Axel Henie var ein av dei som talte under årets festival.

Foto: Ina Kristin Lindin / NRK

På førhand hadde arrangørane hadde trykt opp 20 000 raude hjerte, som blei delt ut til publikum. Men det var også tydeleg at mange, særleg barn, hadde tatt med sine eigne.

I havet av raudt, var det også mange heimelaga teikningar som blei løfta mot himmelen, som ei stille støtte til dei omkomne, overlevande og pårørande.

Til Ungdommen

For mange har Nordahl Grieg sitt dikt «Til Ungdommen» blitt eit symbol på motstanden mot terrorhandlingane i Oslo og på Utøya. Under markeringa på Giske blei diktet framført av skodespelar Aksel Henie:

”Det som står på denne lille papirlappen eg held i handa, inneheld meir enn noko manifest nokon gong kan”, sa Henie, med klar referanse til gjerningsmannen sitt såkalla manifest.

– Han tok feil!

Tilstades i dag var også fleire overlevdane frå Utøya. Leiar i Møre og Romsdal AUF, Torhild Tønnesen Haugnes, fortalte om sine opplevingar. Ho fortalde om å gå frå fredeleg leirliv til eit mareritt, då gjerningsmannen byrja å skyte på ungdommane.

– Han trudde vi var fiendane hans. Han trudde vi var ein trussel mot Noreg. Han tok feil, sa ho.

Video GISKEMARK

Vurderte å avlyse

Arrangørane vurderte først å avlyse festivalen, men valde å halde fram, med eit program der minnemarkeringa fekk ein sentral plass. Handels og næringsminster Trond Giske (Ap), som sjølv har røter på Giske, heldt appellen under samlinga i dag. Han meiner festivalleiinga har funne ein god balanse:

– Det er alltid vanskeleg å bestemme seg for å arrangere som vanleg eller avlyse. Eg syns festivalen på Giske har funne ein god kombinasjon av å arrangere, men markerer at dette er ei heilt spesiell tid å samlast på, seier han.

– Kva tenkte du då du blei spurt om å komme?

– Først måtte eg finne ut om det let seg gjere reint praktisk, men eg syntes det var fint å kunne sjå at folk vise denne varmen også her. Eg trur det betyr mykje for dei pårørande som har mista sine, men også dei som har overlevd, at Norge viser varme og medmennskelegheit. Og at denne festivalen er med på det, trur eg er veldig godt å kjenne på for dei som har vonde dagar.

Artistane

Artistane under sommarfesten avslutta med å framføre songen 'Sing' av Fran Healy.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Og med alle artistane på scena og til tonane frå Fran Healy og sangen ”Sing” blei markringa avslutta, framleis med tusenvis av raude hjerte løfta mot himmelen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL