Hopp til innhold

På denne festivalen kjem du gratis inn mot å plukke plast

Norsk musikkfestival kan vere først i verda til å innføre gratis inngang for søppelsamlarar. – Plukk plast i nærområdet ditt og bruk det som billett, oppmodar festivalsjefen.

Sommerfesten på Giske

Sommerfesten på Giske trekker fleire tusen besøkande til ei øy på Sunnmøre kvart år. No blir dei truleg verdas første festival der du kan betale festivalpasset med søppel.

Foto: Remi Sagen / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Sommerfesten på Giske er ein årleg musikkfestival på øya Giske utanfor Ålesund, og blei arrangert for første gong i 2003. Då var det berre ein vennefest i fjøra.

Årets festival er 28. til 29. juni, med artistar som Kristian Kristensen, Myra, Ruben og Josh Rouse.

Ante Giskeødegård

Festivalsjef Ante Giskeødegård kjenner ikkje til andre festivalar som godtar plastsøppel som betaling. Dei byter inn posane i Ålesund onsdag og torsdag før festivalen, i tillegg til på festivalområdet.

Foto: Ina Kristin Lindin

No opnar festivalen for at ein kan gå ut i naturen for å samle plast i ein søppelsekk, og dermed sleppe å betale dei 500 kronene det kostar for eit festivalpass til laurdagen.

– Vi håpar det skapar engasjement og sett fokus på å betre miljøet. Plast i havet er eit stort problem, seier festivalleiar Ante Giskeødegård.

Før festivalen startar laurdag melder Terje Erstad, presseansvarleg i Momentium, at mange allereie har valt å levere inn plast i bytte mot eit festivalplass.

– Vi har fylt ein container med plast allereie, og meir blir det nok.

Fryktar ikkje tap

Festivalen blir utvida i år til å gjelde i to dagar. Det er 18 års aldersgrense på laurdagen, medan søndagen er familiedag. På søndag kan ein betale med plast, kake eller ein sjølvvald sum pengar.

Sommerfesten på Giske har vore marknadsført som ein «spleisefest», og har aldri gått rundt økonomisk. Arrangørane i Momentium hentar pengane frå andre stader, og er derfor ikkje redde for å tape pengar om mange blir med på dugnaden.

Av plasten som blir samla inn vil det bli laga ein kunstinstallasjon på festivalområdet, før det blir resirkulert. Prosjektet er eit samarbeid med Sparebanken Møre og Plastfritt Hav.

Jente i vasskanten på Sommerfesten på Giske 2014

I tillegg til store artistar tilbyr festivalen aktivitetar som yoga, buldrevegg, kajakkpadling, beach volleyball, mobilfotokurs og gratis grillmat.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Heilt fantastisk

Artisten Moddi spelar på festivalen for tredje gong, og synest festivalen er blant dei finaste i Noreg å vere på. No gir det meining å dra også som samfunnsborgar.

– Det er jo heilt fantastisk at festivalar tar samfunnsansvar på denne måten. Festivalar skal jo vere ei helg med musikk, glede og fest, men det treng ikkje berre vere det, seier Pål Moddi Knutsen entusiastisk.

Moddi fra Senja vant A-ha stipendet på en million

Moddi meiner Sommerfesten er heilt annleis frå andre festivalar, som brukar å vere slitsame med for mykje lyd og alkohol. Han kallar den for den finaste festivalen i Noreg.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Må plukke sjølv for å skjøne problemet

Initiativet går også rett heim hos dagleg leiar i Hold Noreg Rent, Lise Keilty Gulbransen. Dei arrangerer den store strandryddedagen kvart år over heile landet.

– Det er kjempepositivt at ein lokal aktør tar eit slikt ansvar. Ein treng å bli engasjert gjennom å gjere noko sjølv. Først når folk har vore med på å rydde så skjønar folk problemet, meiner Gulbransen.

Ho har sjølv tidlegare jobba i festivalbransjen, og synest det er prisverdig at dei tar risikoen.

– Giske er også ein stad som slit med forsøpling, seier Gulbransen.

Forsøpling av strendene

Forsøpling er eit problem mange stader langs kysten. Her har ein søppelkasse for eingongsgrillar på Giske blitt overfylt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Alle monnar drar

Moddi meiner sjølv at havplast og forsøpling er eit enormt problem. Han har spelt på fleire plastplukkeaksjonar rundt om i landet.

Han tar til orde at vi må bruke mindre, kaste mindre og ha eit betre system for avfallshandtering. Når alt dette sviktar er folk nøydd til å plukke det opp.

– Eg veit at for kvar einaste drit som vi hentar ut av fjøra, så har verda blitt ein litt betre stad, fortel han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL