Hopp til innhold

Slo til mann i drosjekøen

Den første helga i februar var alt anna enn roleg for politiet i Møre og Romsdal.

Politibil - illustrasjon

ILLUSTRASJONFOTO: Politiet i Møre og Romsdal hadde nok å hengre fingrane i den første helga i februar.

Foto: Illustrasjonsfoto / SCANPIX

I drosjekøen i Ålesund oppstod det ein krangel om ei drosje, og ein mann i 40-åra slo til ein annan. Mannen vart ikkje alvorleg skadd, men melde saka til politiet.

Vald i nære relasjonar

I 03.30-tida i natt vart ein mann frå ei kommune i Romsdal tatt med inn til politiet etter vald i nære relasjonar. Mannen i 50-åra blir meldt til politiet for forholdet.

Truande åtferd

Ein mann i 20-åra blei tatt med inn til politistasjonen i Kristiansund etter verbal truande og utagerande åtferd i ein privatbustad. Mannen trua også politiet. Han blir meldt for forholdet.

Fyll og bråk

I 00.30-tida vart ein mann i slutten av 60-åra sett i arrest etter å ha laga bråk på ein utestad i Ålesund. Mannen var ifølgje politiet svært berusa.

I Ålesund blei ein svært berusa mann i 30-åra vist vekk frå sentrum etter at han hadde brukt parkerte bilar til å støtte seg på.

Ein berusa og kranglevoren mann i 20-åra blei køyrt heim frå ein fest i Åmdalen i Ørsta natt til laurdag.

I Molde måtte politiet hjelpe ein overstadig berusa mann i natt. Mannen i 50-åra hadde problem med å finne fotfeste i sentrum og fekk hjelp heimover av politiet. Også ei berusa kvinne i 40-åra hadde problem i Molde sentrum i natt. Ho blei overlaten til sambuar heime.

Laster Twitter-innhold

Feststøy

På Ikornnes i Sykkylven måtte politiet avslutte ein fest på grunn av feststøy klokka halv to slik at trøytte naboar fekk nattero.

Også på Nørve i Ålesund måtte politiet avslutte ein fest natt til laurdag. I samband med dette fann politiet også ei mindre menge hasj på ein mann i 20-åra. Sak blir oppretta.

Ein mann i 40-åra blei tatt med inn på stasjonen i Ålesund etter å ha knust ei lita rute i Ålesund. Mannen vart sint og berusa, ifølgje politiet.