Hopp til innhold

Torske: – Framtida er lys

Sunndalingen Jarl Torske held fram i Norges Fotballforbund, sjølv om han no sluttar som assistent-trenar for herrelandslaget.

Jarl Torske

I går var det slutt med A-landslaget for Per Mathias Høgmo og Jarl Torske.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Torske har vore støttespelar for Per Mathias Høgmo, som i går takka av som landslagssjef. Då blir også det øvrige støtteapparatet skifta ut, og mellom dei altså Torske.

Men Torske har også jobba som fagsjef for gutelandslaga, og det er denne jobben han held fram i.

Jarl Torske, assistenttrener for Norges herrelandslag i fotball, høsten 2015

Jarl Torske har i ei årrekke jobba med norsk fotball - og det arbeidet held fram.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Både gutar 17 og gutar 19 har kvalilfisert seg til mellomrunden, og det er veldig mange spennande spelarar også på gutar 15 og gutar 16, fortel Torske.

Desse nivåa får ikkje same fokus som seniorane, og der har ikkje akkurat merksemda vore særleg positiv etter kvar som resultata har uteblitt.

– Elendigheitsbeskrivinga av norsk fotball avviser vi difor sterkt, seier Torske.

Klar og tydeleg, men samtidig med latter i røysta. For han meiner etterveksten er god i norsk fotball, og seier vi har mykje å gle oss til i åra som kjem.

– Det er veldig mykje bra på gang!