Molde-ordførar vedgår at han ringde Statsministerens kontor før korona-utspel

Molde-ordførar Torgeir Dahl vedgår no at han hadde fire telefonsamtalar med statssekretær Peder Egseth gjennom helga. Dette skjedde i samband med det kontroversielle korona-utspelet.

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, reagerer på smittetrenden i Oslo.

Molde-ordførar Torgeir Dahl har terga på seg mange etter at han kritiserte den politiske leiinga i Oslo for handteringa av korona-pandemien. No vedgår han at han likevel var i dialog med Statsministerens kontor før utspelet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Det har storma rundt Molde-ordførar Torgeir Dahl etter ta han sist helg gjekk ut og beklaga seg over handteringa av smittesituasjonen i Oslo.

Dahl har tidlegare nekta for at han hadde kontakt med Statsministerens kontor i forkant av det omstridde utspelet. Etter at NRK ba om innsyn i kommunikasjonen, svarar han no derimot at han hatt fire telefonsamtalar med statssekretær Peder Egseth gjennom helga. Ein av dei dagen før utspelet blei kjent.

Raymond Johansen (Ap) og Torgeir Dahl (H)

Tøff tone mellom byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) og Molde-ordførar Torgeir Dahl (H).

Foto: NTB/Trond Vestre / NRK

I ein epost til NRK skriv han korleis han dagen før VG-artikkelen ringde statssekretær Egseth og snakka med han i fire minutt:

«Samtalen varte i 4 min og jeg ba om hjelp til å komme i kontakt med noen fra riksmedia. Mitt tema var ny sterk smitteøking i Oslo og Raymond Johansens kamp for å få flere vaksiner på bekostning av resten av landet.»

Dahl gjer vidare greie for at han søndag føremiddag på nytt ringde Egseth to gongar, som følgje av alle medieoppslaga. Siste samtalen mellom dei to skal ha foregått søndag kveld.

Svarte «nei» seinast måndag

I NRK-programmet Politisk kvarter måndag fikk han konkrete spørsmål frå programleiaren om eventuell dialog i forkant av utspelet, og nemnde då ingenting om dialogen med Egseth i regjeringsapparatet.

– Hadde du avklart utspelet med nokon i Høgre-leiinga?

– Nei, eg hadde ikkje det.

– Hadde du hatt dialog med nokon i regjeringsapparatet eller ellers i partiet?

– Nei, ikkje i regjeringsapparatet. Men eg tok kontakt då det begynte å brenne på søndag, sånn at eg fekk litt faktaoppdatering som eg trudde var viktig.

– Kven tok du kontakt med då?

– Då tok eg kontakt med helsedepartementet.

NRK har spurt Torgeir Dahl om kvifor han først nekta. Til dette svarar han at han oppfatta at det var eit spørsmål om kvar initiativet kom frå, og at det var hans.

Kva visste Erna?

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) sa seint måndag kveld kveld at utspelet ber preg av å vere koordinert frå Statsministerens kontor. Men statsministeren avviser at ho visste om utspelet.

– Eg kjende ikkje til saka før eg leste den i VG søndag. Som eg tidlegare har sagt så meiner eg utspel som set by og land opp mot kvarandre er unødvendige bidrag i koronadebatten. Derfor meiner eg utspelet frå Molde sin ordførar, Torgeir Dahl, blir eit unødvendig sidespor i ei tid der vi må stå saman. Dette har eg vore tydeleg på internt - også direkte til min statssekretær, sa Solberg måndag kveld.

Pressekonferanse om koronasituasjonen

Statsminister Erna Solberg seier ho ikkje kjende til saka på førehand.

Foto: Berit Roald / NTB

Vil ikkje vise fram sms-ar

Molde-ordføraren har også gjort greie for at det har gått fire tekstmeldingar mellom han og statssekretær Peder Egseth, men desse vil han ikkje offentleggjere:

«Det eksisterer totalt 4 sms- er i perioden. Ingen er arkivpliktige og må betraktes som politikerpost. Tillater meg likevel å informere om at de er helt «ufarlige» og understøtter dialogen som beskrevet.»

NRK har bedt om innsyn i all kommunikasjon som Molde-ordføraren har hatt med Statsministerens kontor, Helse- og omsorgsdepartementet og Høgre-leiinga. Dahl avviser at han har hatt kontakt med Høgre-leiinga, men viser også til ein telefonsamtale med Helse- og omsorgsdepartmentet i etterkant av utspelet.

Får kritikk frå sine eigne

Dahl har fått kritikk etter utspelet, og no må han tåle å høyre det, også frå sine eigne.

– Det var ikkje klokt å kritisere byrådsleiar Raymond Johansen si handtering av koronasitusajonen, seier ordføraren i Bø i Vesterålen, Sture Pedersen (H). Han seier han syns Johansen har handtert pandemien bra, og legg til at det ikkje har vore enkelt å vere i hans sko.

Pedersen peikar også på at Oslo har hatt større utfordringar enn Molde og andre byar.

– Det er vanskelegere å få 700.000 til å gå i takt, seier han.

– Kunne ikkje Raymond Johansen gjort noko annleis?

– Han kunne vurdert skeivfordeling av vaksinen, seier Pedersen.

Sture Pedersen (H)

Høgre-ordførar Sture Pedersen i Bø i Vesterålen synest ikkje noko om kritikken av Byrådsleiar Raymond Johansen. Han meiner Johansen har handtert pandemien bra.

Foto: Barbro Andersen / NRK

Også Askøy-ordfører Siv Høgtun reagerer kraftig på kritikken frå kollegaen i Molde.

– Nei, eg synest ikkje det var klokt. Eg synest det var veldig uheldig at han kritiserte både innbyggjarane i Oslo og måten Raymond Johansen har styrt på. Eg veit kor krevjande det er å sitte i ei kriseleiing, seier ho.

– Men, er det ikkje legitimt å kome med ein politisk kritikk av handteringa?

– Nei, eg synest ikkje det. Dette har ikkje noko med politikk å gjere, seier Høgtun.

Siv Høgtun

Heller ikkje Høgre-ordførar Siv Høgtun er glad for utspelet frå kollegaen i Molde. Ho seier det er veldig uheldig at han kritiserer både innbyggjarane i Oslo og måten Raymond Johansen har styrt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ba ikkje om sitatsjekk

I eit langt tilsvar til NRK skriv Molde-ordføraren i dag at han beklagar at han ikkje ba om sitatsjekk, etter at han var intervjua av VG:

«Lørdag kl 17.07 ringte VG meg om jeg var villig til å la meg intervjue, noe jeg selvsagt var villig til. Jeg tok dessverre ikke sitatsjekk.»

Andreas Nielsen, som er nyheitssjef i VG, seier til NRK at dei har opptak av heile intervjuet og at Dahl er korrekt sitert. Nielsen legg til at dei har intervjua Dahl på nytt etter utspelet, og at han heller ikkje då har påpeika feil i sitata i den første saka.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 13.04.2021
4 543
Smittede siste 7 dager
269
Innlagte
688
Døde
835 970
Vaksinerte