Hopp til innhold

Tora Røst (90): – Om eg hadde vore rik skulle eg betalt Vibeke kvar dag

90-åringen Tora er ein av dei som kjøper privat hjelp for å få kvardagen til å fungere. Det blir feil om lommeboka skal avgjere livskvaliteten meiner Arbeidarpartiet.

Tora Røst og Vibeke Synes

BETRE LIVSKVALITET: – Før eg tilsette Vibeke Synes vart eg sitjande mykje aleine. Eg kom meg ikkje ut, og det resulterte i at eg sov mykje, seier Tora Røst.

Foto: Solveig Nyhus AksneS / NRK

Tora Røst ser lengselsfullt ut mot sola som skin gjennom vindauget i leilegheita si i Ålesund.

– Eg håper sola smeltar vekk snøen, slik eg kan komme meg på tur ut igjen, seier ho.

Ho er 90 år gammal, nesten blind og slit med balansen. Ho har tilsett Vibeke som ei ekstrahjelp to gongar i veka.

– Eg er avhengig av at folk hjelper meg med kvardagslege gjeremål. Eg har støttekontakt 18 timar i månaden frå kommunen, men det er ikkje nok for at eg skal klare meg sjølv, seier ho.

Med hjelpa frå Vibeke kan ho fortsetje å bu heime.

– Eg prøvar å utsette og flytte på sjukeheim så lenge som mogleg, seier Tora.

Starta eige føretak

Då Vibeke Synes mista jobben i Farstad Shipping bestemde ho seg for å byrje med noko nytt.

– Eg såg mange eldre som vart sitjande aleine heile dagen, det går utover livskvaliteten deira, seier Synes.

Dermed starta ho einmannsføretaket «En hjelpende hånd». Arbeidsoppgåvene kan bestå av å handle inn mat, lage middag, gå på tur, følgjeteneste til lege eller berre sette seg ned og ta ein kaffi.

– Kommunen sitt ansvar

Høgre og Arbeidarpartiet meiner einsemd blant eldre er kommunane sitt ansvar, samtidig vil kommunane tene på at eldre blir buande heime lengre.

– Det er feil om lommeboka skal avgjere om du kjem deg ut på tur, seier Tuva Moflag, eldrepolitisk talsperson for Arbeidarpartiet.

Moflag seier tilbodet Vibeke Synes gir er veldig bra, men det burde ikkje vore nødvendig.

–Dette er eit teikn på at kommunane er for seint inne med å tilby hjelp til eldre, seier ho.

Høgre er i større grad positiv til at slike bedrifter etablerer seg.

– Slike bedrifter er eit flott supplement til dei som trenger det, men det er kommunen som har ansvaret for eldreomsorga, seier Sveinung Stensland, helsepolitisk talsmann i Høgre.

– Det tyder på at tilbodet til kommunane er for dårleg, seier Harald Olimb Norman, generalsekretær i pensjonistforbundet.

Det er prisverdig at nokon gjer dette, men samstundes understrekar han at om kommunane vil at eldre skal bu lengre heime, så må dei gjere meir for at dei skal føle seg trygge.

Vanskeleg marknad

NHO Service og Handel seier marknaden for private aktørar som «En hjelpende hånd» er liten, men at behovet absolutt er der.

– Dei som jobbar i kommunane har ikkje tid til å ta dei med ut på tur, eller sette seg ned med ein kaffi, då går det utover andre pasientar, seier Baard Fiksdal i NHO Service og Handel.

Trass i behovet er det ikkje like enkelt å skaffe seg kundar. Fiksdal meiner mange vegrar seg for å betale for noko som eigentleg er kommunen sitt ansvar.

Tora Røst og Vibeke Synes

GODE VENER: Tora Røst og Vibeke Synes trivst godt i kvarandres selskap. Tora er veldig takksam for hjelpa frå Vibeke.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Vibeke seier seg einig. Sidan oppstart i 2016 har det vore jamt med kundar, men folk vegrar seg for å betale.

Tora Røst er klar på kva ho tenkjer om private aktørar.

– Eg syns det er eit fantastisk tilbod. Eg har nokre gode naboar og ein son som hjelper meg, men elles har eg ikkje ein stor familie som kan stille opp, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL