Hopp til innhold

Starta privat omsorgbedrift for å hjelpe einsame eldre

FØRDE (NRK): Behovet for besøksvenn er så stort at Røde Kors ikkje klarer å dekke det. I Førde har Ingvill Hafstad kome opp med ei løysing.

For over to år sidan starta ho opp sin eigen bedrift der ho tilbyr sosial og praktisk hjelp til eldre som treng det.

– Dei blir glade når eg kjem. Det er mange som kjenner seg einsame og har behov for å prate med nokon i løpet av dagen, seier Ingvill Hafstad.

– Betyr mykje

Ein av kundane hennar er Borgny Ulltang. Ho får besøk av Ingvill tre gonger i veka.

– Ingvill er alle tiders. Det er veldig kjekt at ho hjelper meg med det som er naudsynt. Ein treng det når ein kjem litt opp i åra, seier ho.

For Borgny sine pårørande er tilbodet viktig.

– Det betyr alt for oss. Eg er sjølv i jobb, og det er veldig viktig for oss at Borgny får hjelp og selskap, seier Kristin Grimeland Årdal.

Kirsten Grimeland Årdal

GODT Å HA: – Det er fint at eldsjeler som Ingvild kan drive slike tenester, seier Kirsten Grimeland Årdal.

Foto: Solveig Aksnes / NRK

Stort behov

Ifølgje Røde Kors er kvar sjette nordmann over 80 år einsam. Ventelista til frivillige besøksvennar er lang.

– Mange treng hjelp, og det er mange måtar å hjelpe på. At private aktørar ser ein marknad beviser også at det er eit stort behov, seier Henriette Solheim i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Etter historia om Aud Kristiansen frå Trondheim, som ikkje hugsar sist ho hadde besøk, har Røde Kors opplevd telefonstorm.

Sogn og Fjordane Røde Kors har 550 besøksvennar, og etter saka om Aud, har 24 nye meldt seg.

– Det er utruleg kjekt, og det viser at folk bryr seg. Det er hjarteskjerande å høyre slike historier, eg trur det rører ved folk, seier Solheim.

Henriette Solheim, Røde Kors

FLEIRE VIL BLI BESØKSVENN: Henriette Solheim i Røde Kors synest det er gledeleg å sjå at fleire vil bli besøksvenn.

Foto: Solveig Aksnes / NRK

Ein viktig jobb

Røde Kors ønsker aktørar som Ingvill velkommen, men trur det er ein fordel at besøksvennar er frivillige. Sjølv synest ho det var vanskeleg å ta seg betalt i starten.

– Det er ein terskel å betale for slike tenester, men eg ser at behovet er der, og dette er jo ei teneste som alt anna.

Det tok ikkje lang tid før ho fekk kundar, og ho trur heller ikkje det vil bli mindre behov i framtida.

– Folk er travle. Det har blitt slik at mange berre har tid til seg sjølv, og slik vil det fortsetje å vere. Eg føler eg gjer ein viktig jobb.

Det kan Borgny bekrefte:

– At du har nokon å vere i lag med er veldig viktig, seier Borgny.

Borgny Ulltang og Ingvill Hafstad

GOD HJELP: Borgny Ulltang får besøk av Ingvill Hafstad tre gonger i veka. Det sett ho stor pris på.

Foto: Solveig Aksnes / NRK