Hopp til innhold

Tollarane gjorde rekordbeslag i Ålesund

Eit konteinarskip kom til Ålesund frå Ecuador ein junikveld med over 20 kilo kokain, men narkotikahunden til tollarane fatta fort mistanke.

Storbeslag Ålesund

23,5 kilo kokain blei oppdaga på eit konteinarskip i Ålesund den 21. juni.

Foto: Tollvesenet

– Det er det største kokainbeslaget vi har gjort, og største hittil i år i Norge, seier seksjonssjef Helen Sjåholm ved Ålesund tollstad til NRK.

Tollarane såg at det låg fleire pakkar ved ei luke i konteinaren og Møre og Romsdal politidistrikt blei kontakta, skriv tolletaten i ei pressemelding.

Det blei avdekt 21 pakkar med i alt 23,5 kilo kokain.

– Vi anslår at kokainen har ein verdi på nær tjue millionar kroner og inneheld om lag 470.000 brukardosar, seier Sjåholm.

Sjåholm trur ikkje kokainen skulle i land i Ålesund, men at den skulle av i Rotterdam i Nederland der skipet låg til kai tidlegare.

Helen Sjåholm

Helen Sjåholm ved Ålesund tollstad synest det er motiverande at kontrollane deira gir utteljing. Dei har sjekka skip i lang tid utan funn.

Foto: Alf-Jørgen H Tyssing / NRK

Hunden markerte «tom» konteinar

Det er ikkje alle konteinarskip som blir stoppa, men tollarane følgjer spesielt godt med på skip frå Sør-Amerika.

Det var tre tollarar med narkotikahund som kontrollerte skipet. Hunden viste interesse for ein frysekonteinar, som ifølge fraktpapira skulle vere tom.

Det var då dei fann dei 21 pakkane med kokain.

Hunden Kompis

Narkotikahunden Kompis fekk ferten av kokainen.

Foto: Tolletaten

Politiet bekreftar at dei har starta etterforsking, og seier at dei har gjort tekniske og taktiske undersøkingar og greip.

– Dette er ein betydeleg mengde av det vi meiner er kokain, det største som er gjort i Møre og Romsdal, seier politioverbetjent Rune Gundersen.

Ålesund

Ålesund har ein viktig sjøfartsby på Nordvestlandet. I tillegg til store cruiseskip har byen også ei stor konteinarhamn.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Smuglar kokain sjøvegen

Tolletaten har i første halvår 2019 beslaglagt 81 kilo kokain, medan beslaget i Ålesund åleine er større enn beslaglagt mengde kokain første halvår 2018.

– Kokainen som blir smugla inn til Noreg kjem som regel frå ulike land i Sør-Amerika, via transitthamner i Europa, seier kommunikasjonsdirektør Kim Gulbrandsen i Tolletaten i ei pressemelding.

Tolletaten kjenner til at sjøvertskonteinarar er ein vanleg måte å frakte narkotika og høgt skattlagt varer, og har stort fokus på denne smuglarforma. Det er gjerne kokain som blir smugla i konteinarar.

Kim Gulbrandsen, kommunikasjonsdirektør i Tolldirektoratet

Kim Gulbrandsen i Tolletaten.

Foto: Tolldirektoratet

– Trafikken på sjøen aukar år for år, og då aukar òg risikoen for smugling og andre ulovlegheiter. Samstundes veit vi at nokre av dei største narkotikabeslaga er gjort på handelsfartøy, seier Kim Gulbrandsen.

Dei største kokainbeslaga

Dei to største tollbeslaga av kokain i Noreg er gjort i handelsfartøy eller lastar frå Sør-Amerika.

Dette gjeld 153 kilo kokain på handelsfartøy ved kai i Mosjøen, og 145 kilo kokain i bananlast i Oslo.