Hopp til innhold

Gryta til teikneseriefigur var fylt med LSD

Ei postsending frå Tyskland som var adressert til ein mann busett i Ålesund viste seg å innehalde LSD. Tolletaten har sett ein auke i slike beslag dei siste to åra.

En postsending fra Tyskland ble kontrollert på Østlandsterminalen hos Tollvesenet i begynnelsen av november. Den inneholdt 160 LSD-drypp og var adressert til en mann i Ålesund.

I brevet fann tollarane 160 drypp med LSD.

Foto: Tollvesenet / NTB

Det var då tollarane opna eit brev på Østlandsterminalen 5. november at dei fann ei ark med identiske bilde av Miraculix frå teikneserien Asterix.

Lars Teigen i Tollvesenet

Lars Teigen, seksjonssjef i Tolletaten, seier at dei har sett ein auke i postbeslag av narkotika.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

I gryta på teikninga viste det seg derimot at det ikkje var styrkedrikken han er kjent for å lage, men altså LSD.

Postsendinga inneheldt 160 drypp med LSD. LSD blir seld som tablettar, kapslar eller i flytande form. Det blir ofte drope på trekkpapir og delt i små dekorerte firkantar. Kvar bit er ein dose.

Lars Teigen, seksjonssjef i Tolletaten, seier dette er eit betydeleg beslag.

– Dessverre har vi sett ein oppsving i beslag av LSD i postsendingar. Det er urovekkande, då dette potensielt er eit veldig farleg stoff, seier han.

Ser ein auke i beslag

Teigen fortel at dei har hatt ein auke i postbeslag av LSD dei siste to åra, særleg blant ungdomar. Også koronapandemien og stengde grenser har ført til ein auke av narkotika i postsendingar.

– Vi har sett ein vesentleg auke, men då mest av cannabis, fortel Teigen.

I juli kunne NRK fortelje at frå mars og til slutten av juni i år har postinnføring av hasj auka med 244 prosent, marihuana med 422 prosent og cannabis-frø med 947 prosent. Dette samanlikna med same periode i fjor.

Mannen frå Ålesund som postsendinga var adressert til blir meldt til politiet for forholdet og saka blir etterforska vidare lokalt.

Laster Twitter-innhold