Hopp til innhold

Dei må ta to store eksamenar same dag

Først skal dei ha seks timar med norskeksamen. Deretter må dei rett på elektro-eksamen.

Vetle Tronstad

Vetle Tronstad ved Haram vidaregåande er ein av om lag 30 elevar her i landet som kan bli belasta med to eksamenar same dagen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fleire av avgangselevane på Tekniske og Allmenne fag Elektro ved Haram vidaregåande skule har eit tøft val framføre seg.

– Dei kan anten ta to eksamenar på same dag, eller dei kan utsetje eksamen til hausten, men det er ein uheldig og beklageleg situasjon for elevane, seier Jan Magne Helland som er rektor ved skulen.

Grunnen er at direktoratet har lagt skriftleg eksamen i både norsk hovudmål og elektrofag på same dag.

– Burde fått det til

Vetle Tronstad (19) er ein av elevane som kan bli belasta med to eksamenar same dagen.

– Dei burde ha planlagt betre, for det er jo veldig synd at Utdanningsdirektoratet ikkje får det til å klaffe, seier han til NRK.

– Det er snakk om få elevar som har både norsk hovudmål skriftleg og elektro VG3-eksamen på same dagen. Alle dei andre som har elektro VG3-eksamen er jo elevar som ikkje har norsk hovudmål VG3. Det er utruleg at dei ikkje har fått det til å klaffe i ei så lita gruppe, kommenterer 19-åringen.

Ikkje tilrådd

Helland vil ikkje tilrå elevane sine å ta dobbelt opp med eksamen same dag.

– I utgangspunktet, nei, så sant dei har eit alternativ, seier han.

– Korfor ikkje?

– Vi veit at etter seks timar med eksamen, så er det ganske tomt for dei fleste elevar, og det kan gå utover resultatet på den andre eksamenen. Mitt råd er derfor å utsetje elektro-eksamen til hausten.

– Kva kan gjerast for å unngå slike kollisjonar i framtida?

– Vi har teke det opp med utdanningsavdelinga som har teke det vidare opp med Utdanningsdirektoratet, men når planen er lagt, så er han låst. Ein vil berre få fleire kollisjonar dersom ein held på praksisen, seier rektoren oppgitt.

- Ikkje til å unngå

Avdelingsdirektør Sissel Skillinghaug i Utdanningsdirektotaret opplyser til NRK at det blir avvikla 400 eksamenar i den norske vidaregåande skulen i løpet av tre veker i mai. Elevane har store valfridom, og dermed hender det at det oppstår kollisjonar.

– Det er nesten ikkje til å unngå. I første rekkje må vi ta omsyn til elevane som er i eit ordinært utdanningsløp. Vi prøver også å ta omsyn til dei andre kombinasjonane, men vi klarer ikkje å unngå alle kollisjonane, seier Skillinghaug.

– Merkjer oss negative følgjer

I dette tilfellet er det eksamen i norsk hovudmål og elektrofag som kolliderer. Elevane ved Haram vidaregåande skule som er råka av denne problematikken går på den fireårige TAF-lina.

– Kombinasjonen elektrofag og norsk hovudmål er ikkje veldig vanleg. Også det at TAF går over fire år medan det ordinære utdanningsløpet går over tre år er med på å komplisere dette biletet, sier Skillinghaug. Ho legg til at Utdanningsdirektoratet merkjer seg alle kommentarar når det blir slike kollisjonar, og at dei gjer alt som er mogleg for å hindre slike kollisjonar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL