NRK Meny
Normal

– Må ikkje finne på å leggje ned TAF-tilbodet

Stortingsrepresentant Fredric Bjørdal (Ap) fryktar at Møre og Romsdal vil miste framtidige ingeniørar ved å leggje ned tekniske allmenne fag.

Fredric Holen Bjørdal

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) trur det kan få negative konsekvensar for det regionale næringslivet dersom fylkeskommunen kuttar i TAF-tilbodet.

Foto: Terje Reite / NRK

Fylkeskommunen vurderer å byggje ned TAF-tilbodet (teknisk allmennfag) i kommunane.

Forutan generell studiekompetanse, gir TAF-tilbodet full fordjuping i matematikk og fysikk, noko som gir grunnlag for opptak til mellom anna sivilingeniørutdanningane.

Forlaget om å kutte i dette tilbodet får Bjørdal til å reagere. Han trur elevane som nyttar seg av tilbodet er skreddarsydde for den maritime klynga og anna industri på Nordvestlandet ut frå den lokale tilknytinga.

– Ein må ikkje finne på å legge ned TAF-linjene, er kommentaren til Bjørdal.

– Trekk inn næringslivet

– Å sitje att med både fagbrev og studiekompetanse etter fire år gjer at ein både har den teoretiske og den praktiske kunnskapen. Det eit svært godt utgangspunkt for vidare utvikling. Eg er ikkje i tvil om at TAF-elevane vert dei beste ingeniørane!

Stortingsrepresentanten meiner tilbodet bør utviklast i staden for å byggast ned.

– Næringslivet, organisasjonane og politikarar må no stå saman og fortelje utdanningssjefen kor viktig dette tilbodet er, seier Bjørdal.

– Viss ein nokre stadar slit med rekrutteringa så bør første steg vere å få i gong eit samarbeid mellom næringslivet og fylkeskommunen for få fleire elevar, ikkje å legge ned linene, legg han til.

Ber om omprioritering

Sjølv meiner han å ha fagleg tyngde for synet sitt.

– Eg er utdanna i samfunnsplanlegging og skreiv bachelorgrad om Møre og Romsdal fylkeskommune og regional utvikling. Eg meiner dette tilbodet er eitt av dei aller viktigaste i fylkeskommunen sin portefølje for å stette rolla si som regional utviklingsaktør, seier Bjørdal som sit i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

Bjørdal ser ikkje for seg at det ikkje skal vere liv laga for TAF-linene i Møre og Romsdal, men han understrekar at samarbeid er nødvendig for å få fram bodskapen.

– Vi må gjere vårt for at desse linene no skal få halde fram. Fylkeskommunen må prioritere annleis, politikarane må fortelje kor viktig dette er, og næringslivet og elevane det same, legg han til.