Hopp til innhold

Stort skred på Sunnmøre: Sander (20) opplevde dramatikken på nært hald

Sander Mossberg Hjelle var få meter frå eit stort skred som gjekk i Geiranger torsdag ettermiddag. Det var først uvisst om bilar kunne vere tatt av skredet, men etter søk blei konklusjonen at det var svært lite sannsynleg.

Sander Mossberg Hjelle opplevde snøskredet på nært hald.

– Eg skulle ut i bilen og hente verktøy. Så høyrde eg at det begynte å buldre, seier Hjelle til NRK.

20-åringen jobba saman med faren sin på ei hytte få meter frå der skredet gjekk.

Sander Mossberg Hjelle

Sander Mossberg Hjelle.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Så snudde eg meg og såg raset. Eg vart gira på å filme skredet, seier Mossberg Hjelle, som sjølv bur ein annan stad i Geiranger.

«Pappa, det er skred», roper Hjelle i starten av videoen.

Han innrømmer at han vart litt redd, spesielt for at hytta dei jobba i skulle kollapse.

– Heldigvis gjekk det bra med hytta, seier han.

Ras Geiranger

Vegen til Geiranger vart stengt som følgje av raset.

Foto: CAROLINE MAURSTAD

Truleg vart ingen tatt

Faren hans tok seg av å ringe naudnummeret. Brann- og ambulansepersonell rykte fort ut.

Klokka 15.50 vart det meldt at to bilar kunne ha blitt tatt av skredet.

– Inntil to bilar kan vere tatt av skredet. Vi veit ikkje om det er folk der, sa Jan Lillebø, vakthavande ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

Skredet gjekk på fylkesvegen ved Granderøysa mellom Geiranger og Eidsdal i Stranda kommune. Det skal ha vore 100 meter breitt og fem meter høgt. Skredet skal ha gått i 14.45-tida.

Klokka 16.50 opplyste redningsinspektør Hans G. Christensen ved Hovudredningssentralen at det framleis er usikkert kor vidt det er personar eller bilar i skredet, men han la til at ingen så langt er sakna.

Men klokka 21.40 er konklusjonen etter fleire timar med søk at det ikkje er sannsynleg at bilar eller personar vart tatt av skredet.

Det bekreftar innsatsleiar Tor Inge Remme til NRK.

Ras i Geiranger

Dårleg ver skapte vanskar

Fram til då var situasjonen så uoversiktleg at ingenting kunne utelukkast. Det var også tidvis vanskar med å få sendt redningsmannskap til Geiranger. Det skuldast dårleg ver.

Eit helikopter som vart sendt frå Florø måtte vente på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, og vart til slutt sendt tilbake til Florø. Også eit ambulansehelikopter måtte snu på veg til Geiranger.

Redningsmannskapet kom til slutt i sving rundt klokka 19.30 og gjorde søk frå båt.

– Vi hadde ei stor utfordring med vêret. Vi måtte tenke på sikkerheita til mannskapet. Derfor vart det mykje venting. Då sikta vart god fekk vi endeleg søkt. Vi føler oss trygge på at det ikkje er bilar i skredet, seier Tormod Engholm, som leia aksjonen for Røde Kors hjelpekorps.

Søk i Geiranger, skred

Det vart søkt frå båt etter bilar og personar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Isolert igjen

Tidlegare denne veka var Geiranger isolert som følgje av at begge vegane inn til bygda var stengde.

Som følgje av skredet vart også Geiranger isolert denne gongen, heilt fram til kvelden. Då vart det sett opp ei beredskapsferje mellom Hellesylt på fastlandet og Geiranger.

Det er venta ei vurdering i 11.00-tida fredag om når vegen kan opne igjen.

Snøskred Geiranger

Skredet i Geiranger gjekk i 14.45-tida torsdag ettermiddag.

Foto: Tipsar