Uver på Nordvestlandet: Geiranger er isolert

Begge vegane til Geiranger på Sunnmøre er stengde, og blir det i minst eitt døgn.

Ekstra ferge mellom Hellesylt og Geiranger

Det er satt opp en beredskapsferge inn og ut av Geiranger.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal vart stengt måndag morgon grunna eit snøras. Den andre vegen til bygda, frå Langvatn, er for lengst blitt stengt for vinteren.

Skuldast straumbrot

Bygda var også utan både straum og telefon i fleire timar, men av andre grunnar enn ras.

– Situasjonen no er at Geiranger er utan både mobilnett, naudnett, fasttelefon og internett. Det skuldast eit straumbrot på linja mellom Eidsdal og Geiranger. Altså har det ikkje noko å gjere med raset som gjekk seinare, opplyste brannsjef i Stranda kommune, Inge Teigen, til NRK, klokka 10.45.

Fem minutt seinare var straumen tilbake, men bygda er framleis isolert.

Per klokka 11.10 er både mobilnettet og naudnettet framleis nede. Brannsjef Teigen fortel at det vil gå litt tid før netta er oppe og går igjen.

Klokka 20.50 måndag kveld er situasjonen i Geiranger den same. Også i Hellesylt ligg naudnettet nede, men mobil og internett fungerer, seier Teigen.

Snøras på vegen mellom Geiranger og Eidsdal har gjort at folk i Geiranger er isolerte. 
Bygda har og vore utan mobilnett, naudnett fasttelefon og internett på grunn av straumbrot på ei linje.

Snøras på vegen mellom Geiranger og Eidsdal har gjort at folk i Geiranger er isolerte. Bygda har og vore utan mobilnett, naudnett fasttelefon og internett på grunn av straumbrot på ei linje.

Ekstratur med ferje

I samband med at Geiranger er isolert er det satt opp ekstraturar med beredskapsferje inn og ut av bygda. Utover kvelden blir desse turane gjennomført frå Hellesylt med avgang kl. 18:45 og fra Geiranger kl. 19:45.

NRKs reportasjeteam var med beredskapsferja inn til Geiranger tidlegare på ettermiddagen. Dette har vore det einaste sambandet bygda har hatt med omverda

– Vi må inn og hjelpe dei, seier ferjematros Hallvard Eikeseth.

Beredskapsferja held fram tysdag. Det blir avgang frå Hellesylt 08:30, 12:30 og 16:30, med retur frå Geiranger 09:30, 13:30 og 17:30, opplyser Fjord1.

Naudlinje ved omsorgssenter

Ifølgje Inge Teigen går det etter forholda bra med innbyggjarane i Geiranger.

Operasjonsleder John Trygve Bratland

Operasjonsleiar John Bratland.

Foto: Politiet

Det vart oppretta ei naudlinje ved omsorgssenteret.

– Dei som har behov for hjelp må melde seg på omsorgssenteret. Der er det sett opp ein satelittelefon, opplyste operasjonsleiar i politiet, John Bratland, i førmiddag.

Opnar ikkje i dag

Ifølgje John Bratland i politiet er det ikkje grunn til at tru at fylkesveg 63 til Geiranger blir opna i dag.

– Snøraset blir ikkje fjerna i dag. Det blir gjort ei ny vurdering i morgon, seier operasjonsleiaren.

Måndag ettermiddag melder vegvesenet at denne vurderinga blir gjort klokka 11.00 tysdag.