Hopp til innhold

Regjeringa håpar «magisk» kraftfôr reddar klimaet

Regjeringa har talfesta gevinsten frå kraftfôr mot ku-promping. Kritikarar meiner nordmenn heller bør starte med seg sjølve og sin eigen diett.

Ku

STRID OM KU-PROMPING: Regjeringa talfestar gevinsten frå metanhemmarar til 1,4 millionar tonn CO₂-ekvivalentar innan 2030. Det har dei ikkje dekning for, svarer opposisjonen.

Foto: Erik Waage / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

«Grøn bok» er namnet på klimabudsjettet der regjeringa tel karbonutslepp slik dei tel pengar i «det gule» statsbudsjettet.

Blant tiltaka dei listar opp er «metanhemmarar» i kraftfôret til kyr, som er berykta for å sende «verstinggassen» metan ut i atmosfæren via promping og raping.

Ifølgje regjeringa vil metanhemmarane føre til ein utsleppsreduksjon på 1,4 millionar tonn CO₂-ekvivalentar innan 2030. Det er nesten ein tredel av kuttet innanfor landbruk.

Men kva baserer dei talet på?

Ifølgje kritikarar er gevinsten i beste fall omstridd, og i verste fall teke ut av lause lufta.

Klauvskjærer Jørn Kjerpeseth Andersen lukker døra etter at en ku har gått inn i beskjæringsburet.

Under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 vart verda samde om å redusere dei globale metanutsleppa med 30 prosent frå 2020 til 2030.

En ku står i båsen sin og ser i kamera.

Landbruket skal redusere utsleppa av klimagassar med 5 millionar tonn i innan 2030. Men målet er langt unna, og i fjor skreiv NRK at avstanden har vorte større.

Kyr i fjøsen

Parisavtalen forpliktar landa i verda til å avgrense temperaturstigninga på jorda til mindre enn 2 grader – aller helst 1,5 grad. Målet er å hindre at oppvarminga gjer uoppretteleg skade.

– Verkar som eit tiltak dei har plukka opp av hatten

Stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, meiner regjeringa skyv drøvtyggjarane framfor seg, og samanliknar tiltaket med eit trylletriks.

Dette verkar som eit tiltak dei har plukka opp av hatten, seier han.

Han legg til at regjeringa «må byrje å ta omsyn til kunnskap, ikkje berre finne på ting ut av det blå»:

Regjeringa gjer alt for å unngå det Miljødirektoratet dokumenterer at faktisk verkar: Ei forsiktig omlegging av kosthaldet med litt mindre kjøt og litt meir grønt, seier han.

(Sjå tilsvar frå regjeringa under.)

Les også Ny måling viser rekordmykje metan over Noreg

Simulering av metan over Norge etter gasslekkasjen.

I Miljødirektoratet sitt «klimavegkart», som vart publisert i juni, heiter det at «per i dag kan ikkje fôrtiltaket bokførast i utsleppsrekneskapen».

Vi har ikkje ny oppdatert kunnskap å kome med utover det vi skreiv i rapporten, opplyser Hege Haugland, seksjonsleiar i klimaavdelinga i Miljødirektoratet.

Tilsvarande ordlyd går igjen i Klimakur 2030, som er ein «bruksrettleiing» for å vise kor Noreg kan kutte i utsleppa innan 2030.

I alt er det rekna på 60 ulike klimatiltak, men ikkje på metanhemmarar. Forklaringa er at grunnlaget for å angi konkrete tal ikkje er godt nok.

Jonas Gahr Støre snakker mens han står bak talerstolen på en pressekonferanse i statsministerens representasjonsbolig

Det norske målet om 55 prosent kutt innan 2030 vart meldt inn til FN før klimatoppmøtet i Egypt. – Dette sender eit sterkt signal til andre land, og vi håpar fleire vil forsterke måla sine, uttalte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han la fram det forsterka målet.

Foto: Alf Simensen / NRK

– Regjeringa går rundt grauten

Det er dessverre mange døme på at regjeringa går rundt grauten i staden for å gjere dei mest openberre grepa, seier MDG-politikar Une Bastholm.

Til liks med Bjørlo etterlyser ho grep som startar med ditt og mitt middagsbord – ikkje med magen til drøvtyggjarane.

Litt meir grønt og litt mindre kjøtt er eit sikrare og betre klimatiltak. Samtidig er vi positive til meir kunnskap om metanhemmarar, seier ho.

Tilsvarande signal kjem frå SV, som er budsjettpartnar til regjeringa.

– Det er klart at alt monnar, også på dette feltet, men det viktige for å kutte utslepp på dette området er å leggje om kjøttproduksjonen. Den må gå frå å handle om å produsere mest mogleg og basere seg på import, til å bruke norske ressursar, seier Lars Haltbrekken (SV).

100 gardar skal bruke metanhemmarar i 2024

Jordbruksavtalen vart vedteken i juni. Som ein del av oppgjeret løyva Stortinget 10 millionar kroner til prosjektet MetanHUB for 2024, eit 4-årig prosjekt med ei total ramme på 40 millionar kroner.

Målet med prosjektet er å oppdatere kunnskapsgrunnlaget for metanhemmarar under norske forhold.

Per i dag er testinga avgrensa til éin gard (Kjos gard på Jessheim), men målet er at opp mot 100 gardar skal bruke metanhemmarar innan utgangen av 2024.

På lengre sikt er målsetjinga at alle drøvtyggjarar skal få det i fôret innan 2027.

Nestleiar i Norges bondelag, Egil Christopher Hoen, avviser at klimagevinsten er usikker.

Det er gjennomført omfattande forsking og utarbeidde grundig dokumentasjon over mange år i mange land. No må vi få testa ut og dokumentert dette under norske forhold, seier han.

I Belgia er metanhemmarar inne i offisielle klimarekneskapar. Nederland vurderer å gjere det same.

CO₂ i atmosfæren målt i deler per million partikler (ppm)
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Går an å ha to tankar i hovudet på ein gong

Per i dag har mattryggleiksorganet i EU (EFSA) godkjent éin metanhemmar til bruk i norske fjøs. Patentet går ut på å «skru av» enzymet som dannar metangass i vomma.

Studium i utlandet viser at mengda metan kan reduserast med 10-50 prosent, men resultatet lèt seg ikkje utan vidare overføre til norske forhold.

Då denne typen forsking endå er relativt ny, er det for tidleg å kvantifisere metanutsleppa, seier Nibio-forskar Vibeke Lind.

I Grøn bok legg regjeringa til grunn ei innfasing av metanhemmarar hos 80 prosent av drøvtyggjarane med 20 prosent effekt frå 2026.

Metanhemmarar må testast i stor skala under norske forhold fordi avlsmateriale, fôr, fôringsstrategi, tildelingsmetode og driftsopplegg har mykje å seie for effektiviteten, seier Per-Sigve Lien, som er dagleg leiar i Tyr.

Tyr deltek i MetanHUB-prosjektet saman med TINE, Nortura, NMBU, Nibio, Geno og NSG (Norsk sau og geit).

Det går an å ha to tankar i hovudet på ein gong, seier avlssjef i Norsk sau og geit, Thor Blichfeldt.

Ja, vi kan ete mindre raudt kjøtt. Men det er også bra om kjøttet vi et har mindre klimaavtrykk.

Les også Klimagassutsleppa frå landbruket går oppover

Bondegård på Reipå i Meløy.

Det er sunt å vere undrande

Harald Volden er professor i drøvtyggjarfysiologi og ernæring ved NMBU.

At så mange fagmiljø går saman for å løyse ei utfordring er ganske så eineståande, seier han.

Han legg til at det er «sunt å vere undrande», slik delar av det politiske miljøet er, men at det også er «viktig å stole på fagmiljøa som kan dokumentere sine tilrådingar».

Her har vi ei samla næring som arbeider for å få norsk landbruk endå meir klimavennleg. Men vi er heilt avhengige av å byggje kunnskap om korleis vi får det til under norske forhold.

Les også Ny rapport: Klimamålet er utanfor rekkevidde

Lyshorntunnelen