Hopp til innhold

Tiltalt for grov kroppsskade

Ein mann i 20-åra er tiltalt for grov kroppsskade etter ei valdsepisode i eit garasjeanlegg på Moa i Ålesund i april i år. Ein mann 40-åra skal ha blitt skalla ned og slått to gonger i ansiktet av mannen i 20-åra.

Mannen blei alvorleg skadd og ifølge tiltalen fekk han fleire brot i hjerneskallen og ansiktet, skade på tenner og det eine auget, noko som har ført til redusert syn i etterkant. Han har også vore sjukemeldt sidan.

Saka skal opp i tingretten i januar og har ei strafferamme på over seks år.

Parkeringskjellar på Moa i Ålesund der person skal ha blitt utsett for vald.
Foto: Silje Bjerknes / NRK