Hopp til innhold

Mann sikta etter valdshending i Ålesund – den skadde er frakta til St. Olavs hospital

Ein mann er sikta etter ei alvorleg valdshending på Moa i Ålesund i natt. Også i Kristiansund blei tre menn arrestert for vald.

Parkeringskjellar på Moa i Ålesund der person skal ha blitt utsett for vald.

MOA: Valdsepisoden skjedde på eit garasjeanlegg på Moa i Ålesund.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det var rundt 02.40 natt til søndag at politiet i Møre og Romsdal meldte om eit slagsmål i eit garasjeanlegg på Moa i Ålesund kommune.

Naudetatane rykte ut til staden. Der blei det funne ein mann i 40-åra som låg på bakken og blødde frå hovudet. Politiet beskriv det som ei stygg valdshending.

– Det har blitt utøvd vald mot ein person på ein måte som vi ser på som svært alvorleg.

Den skadde mannen blei tatt hand om av helsepersonell og frakta til sjukehuset i Ålesund.

Mannen i 40-åra skal ha blitt påført fleire brotskadar i ansiktet. Han har også fått skade i ei auge.

– Han har difor blitt transportert vidare til St. Olavs hospital i Trondheim for å få rett behandling for dette, seier Yngve Skovly, politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK søndag ettermiddag.

Sikta for vald

Ein mann i 20-åra blei arrestert for kroppsskade på staden. Han er no sikta for valden.

– Han har vore i avhøyr i dag og har erkjent dei faktiske forhold, seier Skovly.

Politiet har sikra seg videoovervaking frå staden og har også gjennomført vitneavhøyr av dei som var til stades. Det skal totalt ha vore rundt ti til femten personar på staden.

Skovly fortel at den sikta mannen er lauslaten ettersom det ikkje er fare for at han skal øydelegge bevis.

– Alvorleg

Det er så langt ikkje kjent kva som skal ha vore bakgrunnen for valden. Den fornærma har enno ikkje blitt avhøyrt.

Det er også uklart om dei to mennene hadde kjennskap til kvarandre frå før av.

Søndag morgon sa Arild Reite, operasjonsleiar i politiet, at dei ser alvorleg på alle slike valdsepisodar.

– Når det blir utøvd vald av ein sånn grad at du må på sjukehus, så kan alt skje. Spesielt slag mot hovudet er farleg. Det har vist seg gong på gong at det kan vere nok med eit slag for å skade nokon alvorleg, sa han.

Parkeringskjellar på Moa i ålesund der person skal ha blitt utsett for vald natt til søndag 24. april.

I eit garasjeanlegg på Moa skal det ha oppstått ein slåstkamp natt til søndag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Hoppa ut av bil og gjekk til angrep

Også i Kristiansund var det ein valdsepisode i natt.

Tre menn i 20-åra hoppa ut av ein bil og angreip ein mann i 40-åra som stod å haika. Politiet ser også alvorleg på denne hendinga.

– Saka må bli etterforska nærare, men det blir opplyst at det var meir eller mindre uprovosert. Mannen i 40-åra fekk eit kutt i hovudet som var relativt djupt, og måtte til legevakta for å sy dette, sa Reite søndag morgon.

Bilen med dei tre mennene i 20-åra stakk frå staden før politiet kom, men det skal ha vore ein del vitne til hendinga.

– Bilen blei etter kvart spora opp og dei blei arrestert. Dei sit i arresten og blir avhøyrt i løpet av dagen. Dei er meldt for kroppskrenking, fortel Reite.

Politiet vil også forsøke å avhøyre den fornærma i dag. Det er uklart om dei involverte hadde ein relasjon til kvarandre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL