I går blei det kjend at Helse Midt-Noreg vurdere å flytte denne avdelinga for for tidleg fødde til Trondheim.
Sve er svært provosert over at dette blir vurdert fordi han meiner småbarnsforeldre som soknar til sjukehuset i Ålesund, får eit langt dårelgare tilbod.
Frank Sve meiner det er for mykje fokus på regionale størrelsar som Midt-Noreg og Vestlandet, og det kan fort ramme tilbod som har ei lokal forankring og som er viktig for dei som bur i området.
Elisabeth Nørve (H)
- Må vere sterke grunnar
Stortingsrepresentant Elisabeth Nørve som representerer Høgre i sosialkomiteen, meiner det skal sterke grunnar til for å flytte avdelinga til Trondheim.
Nørve seier at Stortinget har lagt klare føringar på at tilbodet skal ligge i Ålesund.