NRK Meny
Normal

Lege kan misse autorisasjon – skal ha kledd av seg seg framfor pasient

Ein lege på Sunnmøre kan misse autorisasjonen etter at han skal ha kledd av seg framfor ein pasient. Helsetilsynet granskar saka.

Statens Helsetilsyn

Helsetilsynet vurderer no om legen på Sunnmøre har vist grov mangel på fagleg innsikt. Ifølgje advokaten hans tek han varselet om at han kan misse legetittelen, svært tungt.

Foto: Christian Thomassen/Scanpix

Det var Nytt i Uka som først skreiv om saka i mars. Då blei det kjent at den erfarne legen skal ha kledd av seg, tatt på pasienten sin og bedt om å få kome heim til henne dagen etter.

No varslar Helsetilsynet legen om at han kan misse autorisasjonen. Dette er den alvorlegaste reaksjonsforma tilsynet kan bruke mot ein lege som har brote lova i arbeidet sitt.

Nils Grytten

Advokat Nils Grytten representerer legen som står i fare for å misse autorisasjonen. Han tek det svært tungt, opplyser Grytten.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Det har han tatt svært tungt. Han er usamd i at det har gjort gir grunnlag for ein så dramatisk reaksjon, seier Nils Grytten, som representerer legen.

Avslutta sak hos politiet

Politiet har også etterforska saka, og sikta mannen for seksuell handling utan samtykke. Men i mai blei etterforskinga lagt vekk fordi bevisa var for svake.

Statsadvokat Jogeir Nogva seier han ikkje kan kommentere avgjerda.

Gerd C. Haagensen

Gerd Haagensen representerer kvinna, og seier ho er skuffa over at saka er lagt vekk hos politiet. Ho opplevde hendinga hos legen som eit alvorleg tillitsbrot.

Foto: Gerd C. Haagensen Advokatfirma AS

Advokaten til kvinna, Gerd Haagensen, seier kvinna er skuffa over at saka blei lagt vekk, men har valt å ikkje klage.

– Kvinna opplevde det som ei plikt å melde til politiet det ho opplevde som eit alvorleg tillitsbrot. Dette gjorde ho både for sin eigen del og for å forhindre at det skulle skje med andre. Så får det vere opp til Helsetilsynet og politiet å vurdere reaksjonen mot legen, seier Haagensen.

Avviser seksuelle tilnærmingar

Ifølgje rapporten frå Helsetilsynet skal legen i politiavhøyr ha forklart at han tok av legefrakken og kneppa opp både skjorta og buksa. Deretter skal han mellom anna ha klemt pasienten sin, gitt henne mobilnummeret sitt og spurt om ho var heime dagen etter.

Han avviser bestemt at intensjonen var å gjere seksuelle tilnærmingar. Han syns synd på pasienten, og ville lindre smertene hennar, ved å vise at kroppskontakt i visse situasjonar kan redusere smerter.

– Det er ikkje slik at han meiner alt er tatt ut av lause lufta, men det som har skjedd er til dels misoppfatta, ikkje minst når det gjeld intensjonen hans, seier Grytten.

Helsetilsynet vurderer saka

Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier framferda til legen kan øydelegge folk tin tillit til helsevesenet.

Foto: Roar Jonny Strom

I rapporten frå Helsetilsynet kjem det også fram at legen i ettertid forstod at handlingane var kritikkverdige.

Helsetilsynet vil no mellom anna vurdere om legen er ueigna til yrket på grunn av grov mangel på fagleg innsikt og/eller framferd som er uforeineleg med å vere lege.

– Denne saka kan ha alvorlege konsekvensar for pasienten som har gjennomgått ei slik hending, og slik framferd kan øydelegge tilliten til helsevesenet, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

På landsplan var det totalt 28 legar som i fjor fekk tilbakekalla autorisasjonen, tre av dei for seksuell utnytting av pasient/brukar.