Ein tidlegare fastlege på Sunnmøre er tiltalt for seksuelle overgrep mot tre pasientar

Fastlegen skal ha misbrukt stillinga si til å forgripe seg mot tre pasientar gjentekne gongar over fleire år. Politiet utelukkar ikkje at det kan vere fleire offer i saka.

Politihuset i Ålesund

Ein tidlegare lege på Sunnmøre er tiltalt for seksuelle overgrep mot tre kvinner.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Mannen som i ei årrekkje var fastlege på Sunnmøre er tiltalt for seksuelle overgrep mot tre pasientar. Mannen er tiltalt for å ha misbrukt stillinga si til å forgripe seg mot dei tre kvinnene gjentekne gongar over fleire år.

– Han er ikkje enig i tiltalen, han stiller seg uforståande til den, seier forsvarar Axel Villard Lange. Han har snakka berre kort med legen etter at tiltalen blei klar, og seier klienten hans oppfattar saka som svært belastande.

Axel Villard Lange

Forsvarar Axel Villard Lange seier legen oppfattar saka som svært belastande, og avviser straffskuld.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ventar på at fleire skal melde seg

Ifølgje tiltalen skal fastlegen gjennom fleire år ha misbrukt stillinga si til å skaffe seg seksuell omgang med dei tre klientane. Ei av kvinnene skal han ha forgripe seg mot i ein periode på over fire år, frå 2014 til 2018.

Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg trur fleire kvinner kan kome til å melde seg når saka no blir kjent.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Statsadvokat Magne Nyborg utelukkar ikkje at fleire kjem til å melde seg når saka no blir kjent.

– Det kan vi ikkje utelukke. Vi veit jo at han har hatt forhold til fleire, men vi har ikkje tatt med dei fordi dei ikkje har vore så sårbare og i eit slikt avhengigheitsforhold som dei tre vi har tatt ut tiltale i forhold til, seier Nyborg.

To andre pasientar som legar skal ha hatt eit forhold til skal vitne under rettsaka.

Bistandsadvokat Gerd Haagensen, som representerer dei tre kvinnene, vil førebels ikkje uttale seg.

Gerd Cathrine Haagensen

Bistandsadvokat Gerd Haagensen vil førebels ikkje kommentere saka, som skal gå i Møre og Romsdal tingrett fem dagar i oktober.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Miste autorisasjonen som lege

Mannen har tidlegare mist autorisasjonen som lege på grunn av at han skal ha kledd av seg framfor ein pasient. Ifølgje Helsetilsynet skal han den gongen ha tatt av seg legefrakken og kneppa opp skjorta og buksa. Deretter skal han mellom anna ha klemt pasienten sin, gitt henne mobilnummeret sitt og spurt om ho var heime dagen etter.

Politiet har tidlegare etterforska saka, men la henne vekk fordi dei vurderte bevisa som for svake. No vurderer dei det annleis.

Så seint som i mars 2020 søkte mannen Helsetilsynet om å få tilbake autorisasjonen som lege, men fekk avslag.