NRK Meny
Normal

Skal kontrollere at The North West ikkje har brote lova

Den nye konferansefestivalen The North West i Ålesund skal opp i kontrollutvalet. Bakgrunnen er uro for at kommunen har brote innkjøpslova – noko fleire meiner har skjedd.

Sindre Nakken

Under formannskapsmøtet i Ålesund kommune tysdag var Sindre Nakken (t.h.) tydeleg på at skuldingane om at lova for offentlege anskaffingar måtte møtast. Rådmann Astrid Eidsvik (t.v.) avviste at lova blei broten då det blei inngått ein avtale på 380.000 med Momentium.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Under formannskapsmøtet i Ålesund kommune blei det klart at The North West skal til kontrollutvalet etter at Kirsti Dale (Sp) hadde tatt opp saka. Arbeidarpartiet sin representant Sindre Nakken, var tydeleg på at dei måtte få klårleik i om alt rundt The North West hadde skjedd etter lovverket.

– Det mest alvorlege rundt The North West er at det er sett fram påstandar om at Region Ålesund ikkje har følgt spelereglane for offentlege anskaffingar, sa Nakken under møtet.

Terje Devold

Terje Devold var irritert då han gjekk frå dugnadsmøtet måndag om den regionale konferansen The North West. Han meiner lova om offentlege anskaffingar er broten.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Éin av dei som meiner lova er broten er arrangør av Matfestivalen Terje Devold, som var irritert då han gjekk frå dugnadsmøtet om den regionale konferansefestivalen The North West måndag. Eventarrangør Momentium var leigd inn til å planlegge "tidenes festveke" i oktober, utan at andre kulturaktørar hadde blitt involvert.

– Mi oppfatning er at dei har brote lova. No seier dei sjølve at dei har ei fantastisk innkjøpsavdeling som har sjekka godt, men kjøp mellom 100.000 kroner og 1 million kroner skal ha minst tre tilbydarar. Heile saka er litt grumsete, kort og godt, seier Terje Devold til NRK tysdag.

Lova om offentlege anskaffingar gjeld når verdien er over 100.000 kroner.

Astrid Eidsvik

Rådmann i Ålesund kommune Astrid Eidsvik avviser at lovverket har blitt brote. Her frå dugnadsmøtet måndag.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Hadde utgreiing klar

Devold seier han synest synd i Momentium som har landa midt oppi saka.

– Ingen leverandør hadde takka nei til eit oppdrag på 380.000 kroner, meiner Devold.

Under formannskapsmøtet tysdag blei dugnadsmøtet om The North West-festivalen tema, og rådmann Astrid Eidsvik stilte førebudd om skuldingane om lovbrot.

I eit skriv signert innkjøpssjef Jonny Indrevåg blei det greia ut om korleis lova ikkje hadde blitt brote. Saka skal likevel opp i kontrollutvalet.

– Innkjøpssjefen vår har gjort ei heilt klar vurdering av saka som blei presentert for formannskapet i dag. Vi har følgt lovverket, slo Eidsvik fast til NRK.

Spør etter kontroll

Devold håper likevel at ein kontroll utanfrå kjem i stand.

– Det hadde vore bra å få nokon utanfrå til å ta ein kvalitetskontroll på det som har skjedd. Dei har gjort eit direkteinnkjøp langt utanfor rammene til lova, og einaste svar dei har er at innkjøpsavdelinga har vurdert det til OK.

Nakken i formannskapet er enn så lenge nøgd med det rådmannen la fram.

– Det som var viktig for meg var å få ei forklaring, slik at dette ikkje heng i lufta med påstandar om at vi ikkje har følgt reglane. Om nokon er ueinige i forklaringa vi har fått, må ein få juristar til å sjå på det, seier Nakken til NRK.