Hopp til innhold

– Eg trudde dette var avklart

GEIRANGER (NRK): Den føreslådde toppkandidaten på Frp si stortingsvalliste i Møre og Romsdal aktar ikkje å gje frå seg førsteplassen til regjeringsmedlemene Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale.

Frank Sve

Frank Sve er mangeårig lokal- og fylkespolitikar i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Innvandringsminister Sylvi Listhaug og landbruksminister Jon Georg Dale valde Søre Sunnmøre som arena då dei proklamerte at dei ønskjer plass nummer ein og to på stortingsvallista til Framstegspartiet i Møre og Romsdal.

Utfordringa er imidlertid at nominasjonskomiteen har sett fylkespolitikar Frank Sve på første plass. Men fylkespolitikaren aktar ikkje å tre til side for å skape plass for dei to som har vald ei rikspolitisk karriere.

– Eg fekk spørsmål om å stille på førsteplass. Eg trudde at dette var avklart, seier Frank Sve til NRK.

Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale.

Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale var i dag på besøk på Søre Sunnmøre. Der annonserte dei at dei ville ha første og andreplassen på stortingsvallista.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Harald Tom Nesvik trekte seg

Tidlegare i år var Sylvi Listhaug i tenkjeboksen og vurderte om ho ville satse på å bli vald inn til ein stortingsplass. Fleire fylke i Noreg var aktuelle, men valet hennar fall til slutt på heimfylket Møre og Romsdal.

På dette tidspunktet såg det ut som om mangeårig stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik kom til å ta førsteplassen og Sylvi Listhaug andreplassen. Frank Sve ville ikkje utfordre Nesvik om førsteplassen og stortingsrepresentant Oskar Grimstad ville ikkje utfordre Sylvi Listhaug om andreplassen.

Frank Sve kom på banen

Men heile rekkefølgja i toppen av lista blei sett i spel då Harald Tom Nesvik varsla at han ikkje var aktuell for førsteplassen lenger. Då kom Frank Sve på banen igjen og kunngjorde at han var interessert i førsteplassen på lista. Dette fekk gjenklang i nominasjonskomiteen, som sette Frank Sve på topp, med Sylvi Listhaug på andre og Jon Georg Dale på tredje plass.

– Eg veit kva posisjon eg har i forhold til å kjenne heile fylket. Eg har rimeleg god kontakt med grasrota. Dette er ein styrke, seier Frank Sve til NRK.

– Det blir ein debatt

Måndag kveld er Frank Sve på fylkestinget i Møre og Romsdal, som har møtet sitt i Geiranger. Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug held fram besøket på Søre Sunnmøre, og er i kveld i møte med lokallaget i Ulstein. Frank Sve er sikker på at det blir ein livleg debatt i fylkespartiet framover.

– Eg trur det vil bli ein debatt i dette fylket om det skal vere to som er busette i Oslo skal representere Møre og Romsdal eller om det er lokale kandidatar ikkje skal gjere det, seier Frank Sve.

Framleis er forslaget frå nominasjonskomiteen ute på høyring hos lokallaga. Det er nominasjonsmøtet etter nyttår som tek endeleg stilling til korleis stortingsvallista skal sjå ut.

– Vi er stolte av statsrådane våre. Og vi skal tole litt nominasjonskamp. Men eg tykkjer vi skal vere ryddige i ein slik prosess, og det prøver eg å vere, seier Frank Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL