NRK Meny
Normal

Listhaug blei spurt ut av sine eigne

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) møtte i dag nominasjonsnemnda i Møre og Romsdal Frp for å diskutere neste års Stortingsval.

Sylvi Listhaug

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) møtte i dag nominasjonsnemnda for Frp i Møre og Romsdal.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) frå Sjøholt i Ørskog var på heimlege trakter då ho i dag besøkte nabokommunen Vestnes. Der møtte ho nominasjonsnemnda i Møre og Romsdal Frp.

– På møtet skal nemnda blant anna stille meg ulike spørsmål og vi skal snakke politikk.

Listhaug har nemleg blitt foreslått til 2.-plassen på nominasjonslista til partiet. Fleire andre fylke har tidlegare vore interessert i å få politikaren på nominasjonslista, men i august blei det klart at Listhaug hadde sagt ja til å stille i heimfylket.

– Det er her eg kjem ifrå og det er her eg føler meg heime. Det å kjempe for heimfylket er det som gir meg mest motivasjon så eg synest det var utruleg hyggeleg å bli spurt om å stå på lista, seier ho.

Trur på tre mandat

Forslaget skal no ut på høyring i lokallaga før den endelege lista blir offentleggjort i desember. Deretter blir lista vedtatt på fylkesårsmøtet i starten av februar neste år.

Listhaug blei foreslått til den sikre 2.-plassen etter at Oscar Grimstad trakk seg fordi han ikkje ønskja ei kampkvotering. På førsteplass blir parlamentariske leiar Harald Tom Nesvik frå Ålesund, medan landbruks- og matminister Jon Georg Dale har blitt foreslått til 3.-plassen. Ho trur det vil bli ein styrke for Frp i det komande valet.

Stig Rune Andreassen

Stig Rune Andreassen trur Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale vil bidra til å sikre Møre og Romsdal tre mandat på Stortinget.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg håper det vil bidra til eit godt valresultat. Men det kjem også til å bli eit hardt arbeid heile vegen der vi må fortelje folk både kva vi har gjort, og kva vi ønskjer å gjere for at ting skal bli betre dei neste fire åra, seier Listhaug.

Stig Rune Andreassen, leiar i nominasjonskomiteen, er sikker på at desse kandidatane vil bidra til å sikre Frp tre mandat på Stortinget.

– Vi har tre personar med ulike fagfelt noko som gir oss breidde. Eg trur denne breidda, kombinert med den erfaringa desse kandidatane har, vil medverke til eit kjempeval i Møre og Romsdal, seier han.

Andreassen synest det er ekstra stas at både Listhaug og Dale ønskjer å stille i heimfylket.

– Eg blei veldig glad når eg fekk beskjeden. Begge er dyktige politikarar som har god erfaring frå å sitte i regjering, seier han.

Innvandring og integrering i fokus

Listhaug trekker fram næringslivspolitikk, samferdsel og helse- og eldreomsorg blant sakene som ho meiner vil vere viktig å fremje fram mot Stortingsvalet.

Og det er spesielt eit tema som ligg nært hjarte til innvandrings- og integreringsministeren.

– Eg kjem nok til snakke mykje om innvandring og integrering. Eg meiner at det er viktig for korleis framtida til samfunnet vårt skal sjå ut, og kva velferdsmodellar og tenester vi skal ha i framtida, seier Listhaug.