Nedgang i fuglebestandar og nye hekkemønster fører til at sjølve lyden av naturen blir annleis enn før.
Eit internasjonalt forskingsstudie ville finne ut korleis lydlandskapet blir påverka av endringane som skjer. I mange europeiske land, som Storbritannia og Finland, slår dei fast at fuglelydane har blitt svakare og mindre variert mange plassar.
Her i Noreg har dei berre datagrunnlag tilbake til 2007. Likevel ser dei ein markant nedgang i talet på fugl i jordbrukslandskapet, særleg for artar som vipe og storspove.
– Desse har veldig markant song og spel på våren som mange har kjennskap til og glede av, så når desse blir borte vil ein merke det i vårens lydlandskap, seier John Atle Kålås i Norsk institutt for naturforsking (NINA).
John Atle Kålås, seniorforskar i Norsk institutt for naturforsking. Han håpar dei ved å måle endringane i fuglesongen, kan bidra til å bevare den.
Foto: Norsk institutt for naturforskningDei og Birdlife Noreg (tidlegare Norsk ornitologisk foreining) bidrar med data frå Noreg.
Historiske lydbilde frå langt tilbake i tid er mangelvare. Forskarane har derfor utvikla ein ny måte å for å gjenskape historiske lydlandskap ved å kombinerer lydopptak av fuglesong med fugleteljingar over 25 år.
Døme på dette frå Finnmarksvidda:
Færre fuglar
Fugleentusiastane i Birdlife dekker jamleg over 500 teljeruter rundt om i landet. I mange år har dei talt over kva fuglar dei høyrer på desse rutene.
Biolog Ingvar Stenberg er ein av desse. Han ser store endringar i jordbrukslandskapet i Surnadal, der han bur. Det har blant anna blitt vanskelegare å få stæren til å hekke i fuglebura hans.
– Det har blitt mindre av stær, vipe og storspove, dei var lett å høyre før. Vipa er heilt borte der eg bur, seier Ingvar Stenberg.



Biolog Ingvar Stenberg har fulgt godt med på korleis fuglebestandane har endra seg over åra.
Han trur det har mykje å seie for folk si oppleving av naturen, men reknar med at folk som har levd ein stund legg betre merke til endringane.
– Det er no er sørgjeleg utvikling som nok ingen vil ha. Det blir eit fattigare miljø, seier Stenberg.
Kan gjere oss mindre merksam
At vi ikkje høyrer fuglesongen like mykje om våren, er eit tap både for det biologiske mangfaldet i naturen, men også for menneske, meiner fagsjef i Birdlife Noreg, Ingar Jostein Øien.
– Folk opplever fuglesong som harmonisk og roande. Det får vi tilbakemelding på når vi spelar av fugleopptak tett på hus i samband med forskinga vår, seier Øien.
Ornitolog Ingar Jostein Øien i Birdlife Noreg synest det er urovekkande at fugleartar går tilbake, og at dette går utover fuglesongen.
Foto: Knut-Sverre Horn / NRKÅ oppleve fuglesong er med på å gjere at vanlege folk tenkjer meir over dyra og naturen rundt oss, trur han.
– Dersom den delen forsvinn, gjer det oss mindre merksam på endringar i naturen vår, og kanskje gjer oss mindre opptatt av å ta vare på den, seier Øien.
- LES OGSÅ: Kjente fuglearter i ferd med å forsvinne
Fuglearten Vipe har hatt ein betydeleg nedgang, med berre 20 prosent igjen at bestanden som var for 15–20 år sidan.
Foto: Kjartan Trana / NRKMeir lyd andre stader
Sjølv om dei blir mindre song i opne jordbrukslandskap, er det andre område som faktisk har fått auke i fuglesong i Noreg.
Skog har blitt meir utbreidd, dermed Finn ein fleire av dei fugleartane som trivst i slik natur. Samstundes fører varmare klima til at det kjem nye tilflyttarar.
– Vi lever i ein del av verda der klimaet kan føre til at vi får artar frå sør i Europa som trekk oppover. I neste 100-årsperiode er det ikkje utenkjeleg at ein får endå meir fuglesong fleire stader, men det kjem an på kor ein er, seier Kålås i NINA.
For stadig fleire nordmenn bur sentralt og ferdast mest i by- og kulturlandskapet. Det er plassar der ein kan få mindre fuglesong i framtida.