Rettssaka mot Runde Miljøsenter utsett
Rettssaka mot Runde Miljøsenter er utsett.
Miljøsenteret er tiltalt for å ha gitt jobb til ein asylsøkjar utan lovleg opphald, men nektar å betale ei bot på 300 000 kroner.
Saka skulle etter planen gå for retten neste veke.
Runde Miljøsenter har i mange gitt arbeid til Suel Kassembo, som kjempar for opphald i landet.
Politiet har tidlegare stadfesta overfor NRK at dei i lang tid har kjent til situasjonen utan å gripe inn.
Det er advokaten til Runde Miljøsenter som ikkje kan stille før seinare i haust, og saka er difor utsett.