Hopp til innhold

Suel Kassembo tapte ankesaka - må truleg ut av landet

Suel Kassembo fekk ikkje medhald i ankesaka. Etter 20 år i Noreg slår retten fast at han har brote utlendingslova grovt over lang tid.

Suel Hussein Kassembo utenfor Oslo tingrett.

Suel Kassembo har kjempa to rundar i retten for å få bli i Noreg. Han får ikkje medhald.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Suel Kassembo har budd på Sunnmøre sidan han var ein ung gut, og har kjempa i retten to gonger for å få opphald. Han hevdar han er frå Burundi, og i livsfare om han blir sendt heim.

Utlendingsnemnda har tidlegare avslått søknaden om asyl - og utvist Kassembo med ti års innreiseforbod. Dette er Kassembo djupt usamd i.

I fjor haust tapte han i Oslo tingrett. No er det klart at han også taper i Borgarting lagmannsrett.

– Det var veldig overraskande. Då må vi vurdere å anke, seier Arild Humlen, som er forsvarar for Suel Kassembo.

Advokat Arild Humlen. Bildet er tatt ved en annen anledning.

Advokat Arild Humlen.

Foto: Lars Eie / NRK

Advokat John Runar Pedersen representerte Utlendingsnemnda (UNE) i retten. Han vil ikkje kommentere dommen, men viser til presseavdelinga. Dei har følgjande kommentar:

– Vårt syn har heile tida vore at Kassembo ikkje treng vern og at våre vedtak i denne saka er i tråd med norske reglar og Noregs menneskerettslege plikter. Vi konstanterer at lagmannsretten, som i tingretten, har kome til samme konklusjon , skriv einingsleiar Hanne Bjerkan Johnsen.

Slår fast at vedtaket til UNE er korrekt

I den ferske dommen kjem det fram at Kassembo ikkje får medhald i saka:

«Lagmannsretten ser ikke andre feil ved UNEs beslutning om ikke å omgjøre avslaget på søknaden om opphold begrunnet i sterke menneskelige hensyn», heiter det i dommen som blei avsagt tysdag ettermiddag.

Advokaten hans har tidlegare sagt at saka fort hamnar i Høgsterett, fordi den er så spesiell og prinsipielt viktig. Kassembo hevdar han blei vitne til at nære familiemedlemmer blei drepne. Advokaten meiner dette gjer at Kassembo er å sjå på som eit offer, som etter Flyktningkonvesjonen har krav på opphald.

Dette avviser lagmannsretten blankt:

«Saken har ikke budt på tvil på noen av tvistepunktene og har ikke reist uavklarte spørsmål av prinsipiell interesse. Lagmannsretten kan ikke se at Kassembo hadde god grunn til anke tingrettens dom. Det er for lagmannsretten ikke ført nye bevis som var egnet til å endre tingrettens vurdering».

Slik lagmannsretten ser det, må samfunnsmessige og allmennpreventive hensyn veie tyngst i avveiningen mot hensynet til Kassembo. Som nevnt har han med viten og vilje, grovt overtrådt utlendingsloven ved å oppholde seg i Norge over svært mange år.

Borgarting lagmannsrett

Sidan romjula i fjor har han vore i kyrkjeasyl i Herøy.

Suel Kassembo, kyrkjeasyl Herøy

Suel Kassembo er truleg den einaste i landet som sit i kyrkjeasyl.

Foto: Arne Flatin / NRK

– En del forhold som taler mot

Suel Kassembo har tidlegare uttalt at han er redd for livet, om han blir sendt tilbake.

I tingretten i fjor haust fortalde han om korleis foreldra blei drepne medan han gøymde seg.

«Slik lagmannsretten ser det, er ikke Kassembos asylforklaring helt usannsynlig. Samtidig er det en del forhold som taler mot at den kan legges til grunn som noenlunde sannsynlig.»

Lagmannsretten listar opp fleire forhold som dei meiner talar imot at Kassembo er frå Burundi, slik han hevdar:

  • manglande språkkunnskapar
  • ingen namn på slektningar eller familiemedlemmer i området
  • manglande utskrifter frå lokalt folkeregister
  • identifikasjonspapir som ikkje ser ekte ut
  • tvil om at foreldra og ei syster blei drepne på grunn av sitt politiske engasjement, slik Kassembo hevdar
    Fakkeltog for Suel Hussein Kassembo på Runde.

    Fakkseltog til støtte for Suel Kassembo på Søre Sunnmøre.

    Foto: Martin Hauge-Nilsen

Dømd til å betale

Dommen er klar på at Suel Kassembo har brote lova grovt:

«Slik lagmannsretten ser det, må samfunnsmessige og allmennpreventive hensyn veie tyngst i avveiningen mot hensynet til Kassembo. Som nevnt har han med viten og vilje, grovt overtrådt utlendingsloven ved å oppholde seg i Norge over svært mange år.»

I dommen frå lagmannsretten er han også dømt til å betale 108 000 i sakskostnader. Det får han hjelp til.

Støttespelarane til Suel Kassembo har allereie samla inn rundt ein halv million kroner til rettssakene.