Suel Kassembo har budd på Sunnmøre i 20 år, og har kjempa i retten to gonger for å få opphald. Han hevdar han er frå Burundi, og er i livsfare om han blir sendt heim.
I fjor haust tapte han i Oslo tingrett og i oktober tapte han i Borgarting lagmannsrett. No har han og støttegruppa bestemt seg for å gjere eit siste forsøk og ankar til Høgsterett.
– Vi har framleis tru på at vi skal få rettferd, seier leiar i støttegruppa, Nils Roar Hareide.
Sidan romjula i fjor har Kassembo vore i kyrkjeasyl i Herøy.
Nils Roar Hareide er leiar i støttegruppa til Kassembo.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKHevdar han var vitne til at foreldra blei drepne
Utlendingsnemnda har tidlegare avslått søknaden om asyl - og utvist Kassembo med ti års innreiseforbod.
Kassembo hevdar han blei vitne til at foreldra blei drepne, medan han gøymde seg. Bakgrunnen skal ha vore ei etnisk og politisk konflikt mellom hutuar og tutsigrupperingar i Burundi.
Advokaten hans, Arild Humlen, meiner at saka er prinsipielt viktig og at han ifylgje Flyktningkonvensjonen har krav på opphald i Noreg..
– Denne saken skil seg frå dei fleste andre asylsaker fordi den ikkje har bakgrunn i politisk oppfatning eller religiøs tilknytning, men har utgangspunkt i ei etnisk konflikt, seier Humlen.
Ifylgje advokaten er det få saker i Noreg der ein har fått vern for evig på grunn av etniske overgrep.
Humblem meiner dette er i strid med internasjonal rettspraksis og ber Høgsterett vurdere det.
– Grovt brot på lova
Lagmannsretten avviste blankt Kassembo sine argument. Dei meiner at han med viten og vilje, grovt har overtrådt utlendingslova ved å opphalde seg i Noreg over svært mange år. Han fekk avslag på asyl i 2007 og blei utvist i 2010, men har ikkje reist ut av landet.
Det er opp til ankeutvalet å avgjere om saka skal gå i Høgsterett. Humlen reknar med det tar eit par månader før dei får svar på om Høgsterett vil behandle saka eller ikkje.