Helsetilsynet skreiv i ein rapport i april at feil og manglar i Helseplattforma truar pasienttryggleiken. Under ein presentasjon for styret i Helse Møre og Romsdal onsdag blei det hevda at desse feila er løyst gjennom feilretting og forbetring av systemet.
– Innspela frå Helsetilsynet er svart ut, sa innføringsleiar for Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal (HMR), Henrik Erdal.
Dette reagerte styremedlem Torgeir Sand Aas på.
– Nesten ikkje noko positivt
Sand Aas , som er innvald representant for dei tilsette i HMR, drog opp rapporten frå Helsetilsynet og eit ferskt dokument frå St. Olavs hospital som gir eit heilt anna bilde.
– Det står nesten ikkje noko positivt om Helseplattforma i desse dokumenta, sa Sand Aas.
Sand Aas tok ordet etter at direktør for E-helse og IT, Helge Storøy og innføringsleiar for Helseplattforma i helseføretaket, Henrik Erdal, hadde orientert om framdrifta for journalsystemet.
– Det blir opplyst her at det vesentlegaste i kritikken frå Helsetilsynet er utbetra. Det stemmer jo ikkje. Det stemmer ikkje når vi les i styredokumenta frå St. Olavs hospital. Det er framleis utfordrande. Det er framleis forseinkingar. Og framleis problem, sa Sand Aas som er innvald som representant for dei tilsette.
Styremøtet i Helse Møre og Romsdal bad om grundigare saksutgreiing til desembermøtet. Også uroa blant tilsette må bli ein del av denne utgreiinga, heiter det i styrevedtaket.
Foto: Remi Sagen / NRK
Framleis høg risiko
Dermed blei ferske saksdokument frå St. Olavs hospital sentrale i gjennomgangen for styret i Helse Møre og Romsdal. I desse sakspapira står det mellom anna:
- 9 klinikkar melder om høg risiko for pasienttryggleiken.
- Milepælar er ikkje innfridd og det er restansar for feilretting.
- Direktoratet for strålevern vil konkludere med avvik og brot på strålevernreglar.
- Arbeidstilsynet har varsla om tilsyn på 8 avdelingar etter bekymringsmeldingar.
- Styringsgruppa for innføring av Helseplattforma etterlyser og purrar på opplysningar, og stiller spørsmål ved eigen funksjon når dei ikkje får svar.
Dette skal leggast fram for styret i St. Olavs hospital på møte 16. november.
– For enkelt
Også tilsetterepresentant Tore Schytte meinte det ikkje var riktig å fokusere berre på feilrettingar som har med pasienttryggleik å gjere. Han poengterte at der er ein risiko med tanke på både å rekruttere og å behalde fagfolk.
– Folk er uroa over sin eigen arbeidssituasjon. Folk lurer på kva følgjer Helseplattforma kan ha for økonomien på lengre sikt. Folk er redde for å misse kollegaene sine. Uroa blant dei tilsette handlar om langt meir enn berre pasienttryggleiken, sa Schytte.
Direktør for E-helse og teknologi i Helse Møre og Romsdal, Helge Storøy under orienteringa om framdrifta i feilrettinga av Helseplattforma.
Foto: Remi Sagen / NRK
Framskunda vedtak
Helse Møre og Romsdal skulle opphavleg gjere eit endeleg vedta om innføring av Helseplattforma like før jul. Dette er no framskunda til 7. desember.
Dagens styremøte presiserte at dei treng grundigare saksutgreiing for å kunne gjere eit forsvarleg vedtak. Og styret bed spesielt om at uroa blant dei tilsette blir gjort til eit poeng i saksutgreiinga.
– Det er bekymringa blant dei tilsette. Desse bekymringane må vi ta med oss vidare. Og det er viktig at Helse Møre og Romsdal gjer eigne, sjølvstendige vurderingar. Vi er annleis enn St. Olavs. Vi har fire sjukehus på ulike stader i fylket, sa direktør Heidi Nilsen.
Demonstrasjonar
Måndag kveld demonstrerte fleire hundre helsearbeidarar ved alle sjukehusa i Midt-Noreg mot følgjene av Helseplattforma. Målet til aksjonen er å få skrota heile prosjektet.
– Den største uroa handlar om pasienttryggleiken, utan tvil. Vi har eit håp om at leiinga tek det einaste fornuftige valet og utset innføringa, seier overlege ved medisinsk avdeling ved Ålesund sjukehus, Dani Rodian.
Fleire hundre helsearbeidarar hadde møtt opp til fakkeltoget mot Helseplattforma ved Ålesund sjukehus.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Dilemma
Helse Møre og Romsdal står altså framfor eit viktig val mellom to alternativ. Det eine alternativet er å ta i bruk Helseplattforma i april 2024 som planlagt. Det andre alternativet er å vente til etter at innflyttingsfasen i det nye sjukehuset på Hjelset er ferdig.
– Ei slik ny utsetting vil truleg gi store kostnader, seier leiar i innføringsprosjektet i Helse Møre og Romsdal, Henrik Erdal.
Feilretting
I ei pressemelding opplyser Helse Midt-Noreg at det er gjort over 16 000 endringar i systemet etter at St. Olavs tok i bruk Helseplattforma i november 2022.
– Innføringa av Helseplattforma har i særleg grad vore utfordrande for St. Olavs hospital og det er lagt ned eit stort arbeid for å ta vare på pasienttryggleiken, rette opp feil og forbetre løysinga, heiter det i pressemeldinga.