På eit styremøte 20. desember skal styret i Helse Møre og Romsdal seie ja eller nei til å ta i bruk Helseplattforma. Innføringa av det nye journalsystemet har blitt utsett fleire gonger. Legane i Helse Møre og Romsdal har uttrykt uro for både pasienttryggleiken og drifta.
– Det er viktig å vite at pasienttryggleiken blir godt varetatt. Det seier Henrik Erdal. Han er fagleg ansvarleg for innføringa av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal.
Henrik Erdal i Helse Møre og Romsdal seier det er komplisert, men at dei har tett dialog med dei tillitsvalde.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Komplisert
– Ei ny utsetting vil truleg gi store kostnader, seier Erdal. Han meiner det samla bildet er komplisert, og seier dei har tett dialog med dei tillitsvalde for legane og andre yrkesgrupper.
På Hjelset i Molde skal seks av åtte klinikkar flytte inn hausten 2024 og våren etter.
Legane uttrykte stor bekymring for Helseplattforma under eit møte i Ålesund 1. november.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKNeste sjanse våren 2026
Dersom styret seier nei til innføring av Helseplattforma frå våren 2024, så kan neste sjanse bli først etter innflyttinga i det nye sjukehuset på Hjelset, og då sannsynlegvis først våren 2026.
– Mykje bra er blitt gjort. Løysinga har blitt tryggare. No jobbar vi vidare med nokre prioriterte, viktige forbetringar. Dette skjer i tett samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim, seier Henrik Erdal.