Hopp til innhold

Helsedirektør ønskjer ikkje å utsette Helseplattforma i Møre og Romsdal

Direktøren i Helse Midt Norge ønsker ikkje å utsetje innføringa av Helseplattforma i Møre og Romsdal. Dette er stikk i strid med eit samrøystes vedtak frå det lokale helseforetaket.

Administrasjonsbygget til Helse Midt-Norge i Stjørdal

Styret i Helse Midt-Norge skal behandle saka 13. desember.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Seint måndag kveld kom sakspapira frå Helse Midt Norge om videre innføring av Helseplattforma.

Her går det fram at admistrerande direktør Stig Slørdal i si innstilling ønskjer at Helse Møre og Romsdal skal innføre Helseplattformen til våren som planlagt.

Styret skal behandle saka i møtet onsdag 13. desember. Styremedlemmane har dermed litt over eitt døgn på å setje seg inn i sakspapira og innstillinga frå direktøren.

Einstemmig vedtak

Helseplattforma er planlagt innført ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal 27. april neste år.

Men i sist styremøte vedtok eit samrøystes styre i Helse Møre og Romsdal å utsette innføringa av journalsystemet, og legge ein ny plan saman med eigaren Helse Midt-Noreg for kva tid dei skal ta det omstridde systemet.

Les også Vedtek å utsette Helseplattforma: – Dei økonomiske konsekvensane skremmer meg

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal (til venstre) og administrerande direktør Olav Lødemel på styremøtet 7. desember.

Årsaka er alle feil og manglar ved systemet som alt er innført ved St. Olavs, og at dei sjølve startar innflytting til nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal i mars. Dette vil i seg sjølv legge ekstra press på dei tilsette i samme periode som innføringa av Helseplattforma var planlagt.

Helseføretaket har gjort ein analyse som viser at innføringa av Helseplattforma gir raude lys for pasientsikkerheit og kapasitet.

– Sikkerheita til våre pasientar må vege tyngst, sa administrerande direktør Olav Lødemel då han la fram saka for styret.

Olav Lødemel, administrerande direktør Helse Møre og Romsdal.

Olav Lødemel starta som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal 1. desember, og har fått ein bratt start.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fryktar konsekvensar av utsetting

Men administrerande direktør Stig Slørdahl ønskjer altså ikkje at hans styre skal lytte til protestane frå Helse Møre og Romsdal.

I sakspapira går det fram at han fryktar for dei økonomiske konsekvensane av ei utsetting. Han skriv samstundes at dei tar på alvor uroa rundt pasienttryggleiken og ønskjer dialog om ein tiltakspakke for å sikre denne og trygge dei tilsette.

«Administrerande direktør ser med stort alvor på at styret i Helse Møre og Romsdal anbefaler å utsette innføringen av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal slik løsningen er i dag. Dette på grunn av for høy pasientsikkerhetsrisiko og den utrygghet som tilsette i helseføretaket opplever», skriv direktøren i sakspapira.

Han seier vidare at risikoanalysen som er utarbeidd bør danne grunnlaget for det vidare arbeidet med å trygge innføringa innanfor den planlagde tidsramma.

Dyrt å utsette

Reknestykket frå helseføretaket på kor mykje det vil koste å utsette innføringa er slik:

  • Det vil koste 600 millionar for Helse Midt-Noreg å utsette innføringa av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal i to år og Helse Nord Trøndelag i eitt år.
  • I tillegg kjem driftskostnader på 90-120 millionar for å vidareføre gamle system.
  • Helse Møre og Romdal får også ekstra kostnader ved å innføre gamle system på det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal på 75 til 150 millionar kroner.
Ingve Theodorsen, styreleiar Helse Møre og Romsdal.

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Ingve Theodorsen, slo i styremøtet torsdag fast at dei økonomiske kostnadene ved ei utsetting er store, og dei må sjå på alle moglegheiter framover for å minske konsekvensane for pasientane og tilsette i helseregionen.

– Det einaste vi kjenner godt nok til er dei økonomiske konsekvensane ved å utsette. Og det skremmer i alle fall meg. Alt eg ber om er at vi no snur kvar einaste stein for å redusere kostnadene, sa styreleiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL