Hopp til innhold

Styret i 110-sentralen er samla om Ålesund

Eit samrøystes styre for 110-sentralen i Møre og Romsdal meiner at politimeisteren bør vere i Ålesund.

Ålesund brannstasjon

110-sentralen i Møre og Romsdal ynskjer at politimeisteren skal vere plassert i Ålesund.

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll / NRK

Det er stor usemje om kvar politimeisteren i det nye Møre og Romsdal politidistrikt bør ha hovudsete. Politidirektoratet foreslår Ålesund, men dette forslaget er no ute til høyring. Kristiansund har sokkelansvaret og mange politikarar har tatt til orde for at politimeisteren difor bør sitte i Nordmørsbyen.

110-sentralen i Møre og Romsdal er ein av instansane som skal seie meininga si gjennom høyringsuttale. Eit samrøystes styre støttar Politidirektoratet, og meiner at politimeisteren bør sitte i Ålesund.

LES OGSÅ:

Sjukehuset forsvinn

I sin uttale skriv dei at samlokalisering skal vere ein av dei største gevinstane for nødmeldetenesten, men at det ikkje er mogleg i Kristiansund. På sikt vil der ikkje vere sjukehus, og dermed er ikkje føresetnadene til stades for å drive ein AMK-sentral der, står det i uttalen.

Naudmeldesentralens plassering i Ålesund gir størst nærleik til publikum, meiner styret, sidan Sunnmøre har 142.000 innbyggjarar, Romsdal har 60.000 og Nordmøre har 61.000.

Mest skipstrafikk

Plassering i Ålesund gir også størst nærleik til skipstrafikken, sidan Ålesund er landets største fiskerihamn.

– Ingen stader i fylket er det større fare for skipskollisjon nær land enn på Sunnmøre, skriv styret i høyringsuttalen. Dei viser også til at cruisetrafikken og turismen er størst på Sunnmøre. Også nærleiken til beredskapssenteret i Stranda, som overvakar dei rasutsette fjellpartia Åkneset og Mannen, vert trekt fram som argument.

Kan ikkje erstatte kompetanse

Rekruttering og kompetanse ved 110-sentralen er eit anna argument. Styret meiner kompetansen som er opparbeidd gjennom lang tid, ikkje kan erstattast på kort sikt dersom ein etablerer ein ny sentral i Kristiansund.

– Ålesund er det einaste lokaliseringsstaden i fylket som sikrar moglegheit for samlokalisering mellom dei tre naudmeldesentralane for helse, brann og politi, skriv styret i konklusjonen.