Hopp til innhold

Skal ta kjapp sjukehusavgjerd

Styret i helse Midt vil truleg bruke mindre enn eit år på å avgjere om det skal vere eit eller to sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

Kolbjørn Almlid

Kolbjørn Almlid trur det kan ta mindre enn eitt år å avgjere om det skal vere eitt eller to sjukehus på Nordmøre og i Romsdal.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Helseministeren sa i går at det var opp til Helse-Midt og Helse Møre og Romsdal å avgjere om det skal vere eitt eller to sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

– No får vi høve til å greie ut og bestemme i større grad. Det blir ei meir lokal forankring. Eg er relativt nøgd med meldinga frå Helseministeren, seier Kolbjørn Almlid.

Under eit møte i går ba Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen helseføretaket om å avklare om det skal vere eitt felles sjukehus eller to, med akutt og fødetilbod. Og det med ein frist på eitt år.

– Det er fullt mogleg å få opp svara som er naudsynt. Det skal skje innan eit år, og sannsylegvis tidlegare enn det, seier Almlid.

Det er Helse Møre og Romsdal som skal stå for utgreiinga, før helseføretaket saman med Helse Midt-Noreg tek ei endeleg avgjerd.

– Eg trur det blir ein betre prosess no når vi har heile fylket å ta vare på. No kan vi sjå det totale helsetilbodet i Møre og Romsdal samla. Dermed kan vi lettare sjå kva vi manglar og kva vi bør satse meir på. Dette er ei god utvikling og eit godt opplegg å arbeide etter, seier Almlid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL