– Det er fortvilande. Vi får ikkje tilbode det vi skal, seier vaktansvarleg ved studenthuset Rokken, Peter Bjørneset.
I studiebygda Volda er det omtrent 4600 studentar. Mange av dei nyttar seg av Rokken som er kjende for sine konsertar og kviss-kveldar, som nettopp frivillige studentar sjølv er med på å arrangere.
Men noko har endra seg. For seks–sju år tilbake var det omtrent 150 studentar som stod på venteliste for å vere frivillige. No manglar dei rundt 100 frivillige.
– Eg skulle definitivt ønskje at fleire bidrog, og ikkje berre tok imot tilbodet vi har, seier Bjørneset.
Åge Staurset (til venstre) og Peter Bjørneset fortviler over at så få studentar melder seg som frivillige til å jobbe på studenthuset Rokken.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKRedusert tilbod
Dagleg leiar Åge Staurset får ikkje fylt opp vaktlistene og det går utover talet på konsertar.
– Vi har måtte halde stengt ein del dagar og vi tør ikkje sleppe inn så mange folk vi har lov til på populære konsertar fordi vi er for lite folk. Vi tør heller ikkje booke så mange konsertar som før.
For å tiltrekkje seg frivillige lokkar dei mellom anna med gratis inngang til arrangement.
Men det er ikkje berre i studiebygda Volda dei slit med å få tak i frivillige. Både lengre sør og nord i landet er det fleire som fortvilar.
Dagleg leiar Astrid Johanne Eskeland ved studenthuset Meieriet i Sogndal får heller ikkje vaktlistene til å gå i hop.
På det verste mangla ho nesten 100 personar i fjor haust.
Derfor har dei måtte kutte ned mellom anna åpningstider.
Ho meiner ho ser eit generasjonsskifte der dei som kjem som studentar no ikkje har hatt eit fullt så sosialt liv tidligare.
Dei har mista russetid, festivalar og hatt ei svekka fadderveke.
I Alta har Alise Fors drive studenthuset City Scene på sparebluss.
På det verste i fjor hadde ho berre fire frivillige, når ho eigentleg treng 70.
Etter hennar syn var tendensen klar allereie før koronapandemien.
– Vi kan ikkje kvile på at det har vore pandemi og bruke det som ei unnskyldning. Vi må «step it up», eller så må vi finne andre løysingar eller andre tankegangar. Studentane må også bli satt krav til. Dei må finne ut kva dei vil og kva dei vil ha, seier Fors.
Meiner studiestøtta ikkje strekk til
Norsk studentorganisasjon er studentane si stemme inn mot politikarane. Der er Maika Marie Godal Dam leiar. Ho trur årsakene til manglande frivillig engasjement er mange.
– Det er trongt økonomisk å vere student, og mange må ha deltidsjobb. Det går utover tid til å vere frivillig og byggje sosialt fellesskap.
Maika Marie Godal Dam er leiar for Norsk studentorganisasjon.
Foto: William Jobling / NRKGodal Dam trur ikkje det manglar på vilje, men at det er mange krav til studentane i dag.
Ho meiner det går mykje tid med på å skaffe seg pengar fordi studiestøtta ikkje strekk til. Viss dei økonomiske føresetnadene blir betre, trur ho fleire vil engasjere seg.
– Det er trist. Frivillig arbeid aukar trivsel og førebyggjar einsemd. Vi gjer oss sjølv ei bjørneteneste viss vi ikkje sørgjer for at studentane kjem tilbake til frivillig arbeid.
Studentane peikar på fritida
Ingrid Elisabeth Aanonsen Hagaseth er ei dei det hende ein får sjå som ny frivillig på studenthuset.
– Eg kunne eigentleg tenkt meg å vere frivillig. Men så er det vanskeleg å komme i gang, seier ho.
Ingrid Elisabeth Aanonsen Hagaseth trur det er vanskeleg for studentane å gi slepp på fritida si for å jobbe som frivillig.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKAanonsen Hagaseth trur årsaka til at så mange ikkje er frivillige er fordi dei ønskjer å nytte fritida si annleis.
– Det går mykje på tid. At ein gjerne vil gjere andre ting. Eller at det er mykje skule. Det har eg merka sjølv. Og då sit det litt langt inne å bruke fritida på å vere frivillig, seier Hagaseth.
Held håpa oppe
Eikeland på studenthuset i Sogndal seier ho har sett ein positiv tendens etter jul.
– Eg har ikkje nok frivillige enno, men det er ein liten auke etter ein ekstremt lang nedgang. Vi klarer akkurat å halde normal drift no.
Både ho og Staurset i Volda har trua på framtida, men er førebudd på at det vil ta tid.
– Vi ser tendensar som er bra. Det er litt fleire som er interessert i å arrangere enkelte ting. Håpet er at det kan få oss tilbake der vi var før, seier Staurset.
Dagleg leiar Åge Staurset og vaktansvarleg Peter Bjørneset håpar hola i vaktlista snart fyller seg opp.