Hopp til innhold

Slår ring rundt omstridd prest – har fått over 100 støttemeldingar

Den unge presten (29) meiner Bibelen seier nei til kvinneprestar. Etter at NRK omtalte saka har han blitt nedringt av folk som vil gje han støtte.

Benjamin Anda sokneprest i giske

Benjamin Anda er sokneprest i Giske. No får han stor støtte i lokalmiljøet.

Foto: privat

Telefonen har ikkje stått still etter at NRK nyleg fortalde at Benjamin Anda (29) kan vere på veg ut av kyrkja. Den unge soknepresten på Giske er omstridd fordi han meiner at Bibelen seier nei til kvinneprestar.

No strøymer støtteerklæringane inn til han.

– Eg er veldig takksam for den store støtta eg får. Og at det finst fok som ser nyansane som lett blir borte. Støtta både i kyrkjelydane mine som eg er så glad i og frå dei over 100 meldingane og telefonane eg har fått med oppmuntrande og oppbyggande ord betyr mykje, skriv Benjamin Anda ei tekstmelding til NRK fredag.

I eit brev frå biskopen går det fram at ei av løysingane som har vore diskutert er ein økonomisk sluttpakke dersom Anda sluttar som prest i kyrkja.

Vigra kyrkje

Vigra kyrkja i Giske. Her er Benjamin Anda sokneprest.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ønskjer ikkje at han sluttar

Det er ingen i soknerådet på Vigra som les Bibelen slik sokneprest Benjamin Anda gjer når det gjeld kvinneprestar. Men leiaren i soknerådet på Vigra i Giske, Knut Støbakk, seier dei ikkje vil at han skal slutte.

– Han er ein dyktig prest og er godt likt hos mange. Så er det sjølvsagt ikkje alle som er samde i standpunktet hans, men han er ein veldig jovial og flink prest, seier Knut Støbakk, som er leiar i soknerådet på Vigra i Giske.

Det vekte oppsikt då Anda sitt teologiske standpunkt blei kjent i fjor sommar. Eit samla sokneråd sende han då eit brev for å gje han støtte og omsorg.

Knut Støbakk

Knut Støbakk er leiar i Vigra sokneråd. Han seier dei vil at soknepresten held fram, trass i sitt omstridde synspunkt på kvinneprestar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Meiner kyrkja må betale

Therese Egebakken (24) har tidlegare sagt til NRK at ho meiner såkalla konservative prestar har fått yrkesforbod. Ho sit i toppleiinga i kyrkja som medlem i Kyrkjerådet.

I fleire hundre år har Den norske kyrkja lært at Bibelen seier at kvinner ikkje kan vere prestar, men stadig fleire har skifta standpunkt. I 2020 slo Bispemøtet fast at ingen kan jobbe i kyrkja og nekte å samarbeide med kvinner. Det har skapt vanskar for ein del prestar som framleis held fast på at Bibelen seier nei til kvinneprestar.

Egebakken meiner kyrkja kan vere forplikta til å betale ein økonomisk kompensasjon til desse.

– Så langt eg veit har dei vore opne om sitt syn, og fått støtte for at det er rom for dei i kyrkja. Så endrar brått kyrkja syn, og då står dei med ei ubrukeleg utdanning og eit enormt studielån, seier ho.

Ho strekar under at ho ikkje kjenner detaljane rundt tilsettingsvilkåra til Anda, og at ho snakkar generelt.

Therese Egebakken

Therese Egebakken sit i toppleiinga i Den norske kyrkje. Ho meiner at prestar som Benjamin Anda burde få ein sluttpakke om dei forlèt kyrkja.

Foto: privat

Glad for dei som støttar

Benjamin Anda har ikkje lagt skjul på at han har omstridde meiningar. Han har tidlegare fortalt til NRK at han kalla seg stolt mørkemann, og ei tid vurderte å bli munk.

29-åringen er ikkje glad for den merksemda som saka rundt synet hans på kvinneprestar har fått, og er desto meir glad for dei som no støttar han.

– Det betyr mykje fordi dei ser og bryr seg om mennesket bak overskriftene og veit at saka er meir kompleks enn det som har kome fram i media, skriv Anda i ei tekstmelding til NRK.

Anda sjølv ønskjer framleis ikkje å kommentere ein eventuell sluttpakke eller andre moglege alternativ. Biskop Ingeborg Midttømme ønskjer heller ikkje det.

NRK skreiv først at kyrkja endra offisielt syn på spørsmålet om kvinnelege prestar i 2020. Det korrekte er at Bispemøtet på dette tidspunktet slo fast at prestar ikkje lenger kan nekte å samarbeide med kvinnelege kollegaer. Dette er no endra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL