Hopp til innhold

Kvinneprestmotstandar ber om økonomisk fallskjerm

Den 29 år gamle soknepresten meiner Bibelen seier nei til kvinnelege prestar. No ber han biskopen i Møre om pengar for å slutte sjølv, som ei av fleire alternative løysingar.

Benjamin Anda sokneprest i giske

Benjamin Anda er sokneprest i Giske på Sunnmøre.

Foto: privat

NRK Møre og Romsdal blei felt i Pressens faglege utvalg 26.04.2023 for denne artikkelen.

PFU-logo per 23.6 (uten utsnitt)
Foto: PFU

Les heile avgjerda her:

Det vekte reaksjonar då det i fjor sommar blei kjent at den unge soknepresten i Giske på Sunnmøre meiner Bibelen ikkje tillet at kvinner er prestar.

No ber han biskopen i Møre om å få ein økonomisk fallskjerm for å slutte. Det går fram av eit brev frå biskopen til soknepresten før jul:

«Om vi forstår deg rett er en slik sluttpakke ment å bli oppfattet som en økonomisk kompensasjon for deg ved opplevd belastning gjennom vedtak gjort av Bispemøtet i 2020».

I dette møtet blei det avklart at mannlege prestar ikkje kan nekte å samarbeide med kvinnelege kollegaer.

Magne Lerø er redaktør og kommentator og seier han aldri før har høyrt om ein prest som ber om ein økonomisk fallskjerm.

– Det er høgst uvanleg. Han har ikkje grunnlag for å krevje kompensasjon for at han vil slutte, slår han fast.

Lerø har sjølv teologisk embetseksamen, har hatt fleire sentrale verv i kristne organisasjonar og fleire gonger skrive om sluttpakkar i næringslivet.

Magne Lerø

Redaktør og kommentator Magne Lerø seier han aldri før har høyrt om ein prest som ber om fallskjerm frå Den norske kyrkja.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

Kritisk til omtale

Seinast i helga var Benjamin Anda sett opp som prest under gudstenesta i Giske. Han ønskjer ikkje sjølv å kommentere innhaldet i dialogen med biskopen, men er kritisk til at NRK no omtalar dette.

I brevet frå biskopen går det fram at partane har hatt fleire ulike alternativ på bordet, men verken presten eller biskopen vil seie kva det inneber.

– Eg har ikkje anna kommentar enn at eg synest det er djupt kritikkverdig at brev mellom arbeidstakar og arbeidsgivar vert vidareformidla til pressa, kor det ikkje har noko å gjere og kor saker vert sett ut av sin samanheng, skriv han i ei tekstmelding.

Biskop Ingeborg Midttømme vil ikkje kommentere saka.

– Ut frå personvernomsynet vil eg ikkje kommentere vår kommunikasjon med ein arbeidstakar, seier ho.

Men i brevet frå henne til presten går det fram at ho ikkje ønskjer å betale han for å slutte.

Ingeborg Midttømme

Ingeborg Midttømme er biskop i Møre. Ho vil ikkje kommentere eventuelle forhandlingar om ein fallskjerm.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

Ho vil heller ikkje svare NRK på om ho synest det er rimeleg å gje sluttpakke til ein prest i hans situasjon.

Den gongen han blei prest, var det delte meiningar om kvinneprestar. I ettertid har Den norske kyrkja slått fast at det ikkje er lov å nekte å samarbeide på grunn av kjønn.

Vigra kyrkje

Benjamin Anda er sokneprest i Giske og har hatt mange gudstenester her i Vigra kyrkje dei siste åra. No vurderer han å slutte.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Etterlyser klare rammer

Benjamin Anda tok mesteparten av presteutdanninga ved NLA ​Høgskolen i Bergen. Avdelingsleiar Gunnar Innerdal har sjølv hatt han som student, men seier han ikkje kjenner hans konkrete situasjon og ikkje kan kommentere den.

Generelt seier Innerdal det er viktig at det er klare og føreseielege rammer for dei som utdannar seg til prestar.

– Kyrkja må i størst mogleg grad la komande prestar vite kva for rammer dei har for tenesta, og vilkåra dersom det skulle bli endringar undervegs, seier han.

Gunnar Innerdal

Avdelingsleiar Gunnar Innerdal seier det er viktig for komande prestar å vite kva dei går inn i.

Foto: Privat

Kollegaene vil ikkje kommentere

Benjamin Anda har vore sokneprest i Giske sidan sommaren 2020. Då var det ikkje kvinnelege prestar i kollegiet, men i ettertid har det kome fleire kvinnelege kollegaer inn.

Ingen av dei vil svare NRK på korleis samarbeidet har fungert, men i brevet frå biskopen skriv ho at ho kjenner til at presten samarbeider med sin kvinnelege kollega. Samtidig strekar ho under at han må kunne planlegge og delta i gudstenester saman med både biskopen og kvinnelege kollegaer.

I eit Facebook-innlegg har staben tidlegare skrive at fleirtalet der ikkje deler synet til Benjamin Anda om at kvinner ikkje kan vere prestar.

Skjermdump frå Facebook
Foto: Skjermdump frå Facebook

Forsvarar sluttpakkar i kyrkja

Professor Harald Hegstad ved Menighetsfakultet seier at ein økonomisk sluttpakke kan vere eit akseptabelt verkemiddel. Men han er klar på at Den norske kyrkja ikkje har økonomi til å betale ut store pakkar.

Hegstad vil ikkje kommentere situasjonen til Benjamin Anda. På generelt grunnlag seier han at det kjem til å bli vanskeleg for prestar som ikkje vil samarbeide fullt ut med kvinnelege kollegaer.

– Nei, då trur eg ikkje ein har så lang framtid. Då lagar ein sin eigen praksis som ikkje er i samsvar med det klare standpunktet i den norske kyrkja om at både kvinner og menn skal ha likt høve til å gjere teneste som prestar i kyrkja, seier han.

Harald Hegstad

Professor Harald Hegstad ved MF vitenskapelig høyskole.

Foto: MF

Foreslår halvt års studieperm

Redaktør og kommentator Magne Lerø seier det er stort underskot på prestar i Den norske kyrkje, og at ein neppe kan vente at dei betalar nokon for å slutte.

Han foreslår no ein permisjon for å løyse floken i Møre.

Eg vil foreslå at dei gir han eit halvt års studiepermisjon og at han etter den tid finn seg noko anna å gjere, seier Lerø.

Det har vore fleire møte og brev mellom biskopen og presten i haust. Møre bispedømme vil ikkje gje innsyn i desse.

NRK har fleire gonger det siste halvåret spurt Anda om han kan stadfeste at han vil samarbeide fullt ut med kvinner. Han har framleis ikkje svart.

Benjamin Anda

Benjamin Anda vurderte tidlegare å bli munk. Desse bilda blei tatt i 2014 då NRK lagde ein dokumentar om han.

Foto: Tom Øverlie / NRK

Artikkelen er oppdatert etter publisering. Setninga om at dette er eitt av fleire alternativ er løfta opp i ingress for å tydeleggjere dette poenget i teksten.

Retting: NRK skriv først at Anda då han vart tilsett, starta som prest i ein kyrkjelyd med fleire kvinneprestar. Dette er ikkje rett. Det korrekte er at det ikkje var kvinnelege prestar i tilsett på det tidspunktet, men at det har kome til kvinnelege kollegaer i ettertid. Dette er retta i teksten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL