Hopp til innhold

Store gassmengder kan gå tapt

Ei gassmengde på storleik med Goliatfeltet kan gå tapt dersom Shell ikkje lykkes med å finne ei kompresjonsløysing på Ormen Lange.

Landanlegget til Ormen lange på NYhamna

Store gassmengder kan gå tapt dersom Shell ikkje finn ei løysing på gasskompresjonen ved Ormen Lange

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Det seier Bente Nyland, som er sjef for Oljedirektoratet.

Etter kvart som gassen blir tatt opp, fell trykket, og kompresjon er difor ein nyttig reiskap for å ta ut reservane.

– Det handlar om god resursforvaltning. Det er viktig å få mest mogleg ut av dei funna som er gjort ettersom vi ikkje vil finne noko som er større enn det som ligg på felta allereie, seier Nyland.

Utnyttar pausen

Ormen Lange er det nest største gassfeltet på norsk sokkel – etter Troll-feltet – og ligg om lag 14 mil nordvest for Kristiansund.

Tor Arnesen er styreleder i Norsk olje og gass

Tor Arnesen, direktør i Norske Shell, seier dei har utnytta pausen.

Foto: ONS

Det blei fyrst funne gass i 1997, og produksjonen starta ti år seinare. Gassen blir ført frå eit havbotnanlegg til eit landanlegg på Nyhamna i Aukra kommune.

Norske Shell er operatør og har ein del på 18 prosent, medan Petoro (36 prosent), Statoil (25 prosent), Dong (14 prosent) og ExxonMobil (6 prosent) eig resten av rettane.

Arbeidet med offshore kompresjon vart starta for å finne ei løysing på korleis ein kan få mest mogleg gass ut av feltet. I vår stoppa Shell gasskompresjonsprosjektet, årsaka var at det blei for dyrt og usikkert.

Tor Arnesen, direktør i Norske Shell, seier dei har jobba vidare med saka sjølv om prosjektet blei stoppa.

– Vi har tatt ei pause, men den utnyttar vi. Vi har jobba saman med leverandørane våre for å sjå om vi kan finne rimelegare, men framleis teknisk sikre løysingar for å få ut gassen, seier han.

Store verdiar

Bente Nyland

Bente Nyland meiner det er viktig å få mest mogleg ut av dei funna som er gjort.

Foto: Bjørnbakk, Jan-Morten / NTB scanpix

Det kostar mykje å utvikle ei kompresjonsløysing, men det er også mogleg å få tak i store verdiar på denne måten, meiner Nyland.

– Det kan vere mogleg å få ut eit nytt Goliatfelt, noko som er om lag ti prosent av Ormen Lange.

Arnesen seier dei er innstilt på å bruke nokre år på denne prosessen.

– Kan dykk vente eit par år på dette?

– Ja, no har vi installert to langkompressorar som gjer at vi kjøpte oss meir tid. Då blir det ikkje så tidskritisk i forhold til reservoaret, seier han.

Shell har no to år til å finne ei løysing.

– Vi er samde i dei tiltaka som er tatt no, men i 2016/2017 trur eg vi må snakke nærare og strengare med Shell dersom dei ikkje har funne ei løysing, seier Nyland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL