Hopp til innhold

10 år sidan Ormen Lange vart fødd

Onsdag er det nøyaktig 10 år sidan Stortinget sa ja til utbygging av gassfeltet Ormen Lange.

Flyfoto Nyhamna 2004

Slik såg det ut då utbygginga av Nyhamna i Aukra vart sett i gang september 2004.

Foto: Ormen Lange

Den gong var Ståle Nogva prosjektleiar for organisasjonen "Ormen til Møre", og han minnast korleis det heile starta.

– Det begynte med at Statoil hadde planar om å føre eit røyr frå Haltenbanken til Nordsjøen i samband med Kristin-feltet. Då skjønte vi at vi måtte gjere ein ekstraordinær innsats slik at ny gass ikkje vart ført forbi oss til Hordaland eller Rogaland, fortel Nogva til NRK om industrieventyret.

– "Sats på Ormen Lange, gutar"

I september i 1998 reiste fylkesordførar Ole Øverland og prosjektleiar Nogva til Oslo og hadde møte med dåverande Sp-leiar Marit Arnstad.

– Ho sa rett ut at vi var for seine i høve utbygginga på Haltenbanken, men la til "Sats på Ormen Lange, gutar!"

Ein tøff start

Det utløyste ei organisering av verksemda i Møre og Romsdal. Alle som peiling og påverknadskraft, samla seg i ei prosjektgruppe "Ormen til Møre." Men det var langt frå populært å selje til oljeselskapa å begynne å snakke om ilandføring.

– Spesielt dei utanlandske selskapa var ikkje happy. Det var mykje tautrekking blant dei tre eigarane på dei ulike felta og kamp om kven som skulle få byggje ut og drive, fortel Nogva.

I september 1999 var det avklart at Norsk Hydro fekk ansvaret med å byggje ut, medan Norske Shell fekk ansvaret for å drive det. Hadde andre enn Hydro fått utbygginga, er det ikkje sikkert at gassen hadde blitt ilandført.

– Hydro hadde på den tida ikkje bestemt seg om kva dei skulle gjere. Det var først i kampen om operatørrolla dei høyrde på oss.

Ståle Nogva

Ståle Nogva var prosjektleiar for 'Ormen til Møre'.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Større enn venta

Statoil hadde bygd ut Tjeldbergodden i Aure på 90-talet. Det vart ein konkurrent i kampen om kor gassen skulle ilandførast.

– Fylkeskommunen ville ha gassen til fylket uansett, og var klare for alle val som sikra ilandføringa. Vi fremja sjølv 14 alternativ, men operatørane valde sjølv til slutt Nyhamna, seier Nogva.

Han meiner Nyhamna i Aukra er ei perfekt tomt for ilandføring.

– Det som opptok oss veldig på den tida er det også kunne ilandførast frå andre felt enn Ormen Lange. Det er i dag ein realitet når dei no byggjer ut for andre felt lengre nord i Norskehavet. Seinare kan det også bli Barentshavet, seier han fornøgd.

Kan bli 1000 arbeidsplassar

Når Ståle Nogva ser ti år tilbake og kva Ormen Lange har betydd for Aukra og Møre og Romsdal, er han trygg på at Nyhamna var eit rett val.

– Eg gler meg over det som har skjedd. For ti år sidan fekk vi knapt snakke om arbeidsplassar i det heile. Det skulle vere 100 plassar for å drive Ormen, 80 på Nyhamna og 20 i Kristiansund. Med erfaringane frå Kårstø og Kolsnes trudde vi det kom til å bli langt fleire arbeidsplassar – det fekk vi rett i.

Ormen Lange og Nyhamna til no gitt 700 arbeidsplassar i regionen. Nogva trur det vil bli fleire på sikt.

– Når vi ser nye 10 år fram i tid, så snakkar vi om 1000 arbeidsplassar til ilandføring, gassprosessering og anna som skulle dukke opp på Nyhamna. Vi har enorme moglegheiter framføre oss!