Hopp til innhold

Store delar av Ørsta er rasfarleg

Ørsta er ein av dei mest rasutsette kommunane i landet. Det går fram av ei fersk kartlegging av skredfaren i Ørsta. Mange bustadhus, industribygg og hytter ligg midt i dei skredutsette områda.

Årsetdalen skred

I november 2013 gjekk dette skredet i Årsetdalen i Ørsta. 40 personar blei evakuerte.

Foto: Roar Strøm / NRK

No bed NVE om at det blir sett i verk sikringstiltak i områda som er omtalte i den ferske rapporten.

Ørsta er ein av stadene i landet som har ein topografi som fører til skredfare. Difor er Ørsta prioritert. Her er bratte lier heilt opp til snaufjellet. Dermed er her mange ulike naturfarar som påverkar samfunnet, seier sjefen for Region vest i NVE, Brigt Samdal.

Hjørundfjord i Ørsta kommune

Det er idyllisk i Ørsta. Men idyllen med bratte fjellsider skaper stor skredfare.

Foto: Georgsen, Tone / Scanpix

Det er situasjonen for Ørsta sentrum som er årsaka til at Ørsta er valt ut som den første kommunen i landet som blir registrert.

Vi har sett på fire område. Men det er sentrum med all busetnaden der som er årsaka til at området er valt ut, seier Kalle Kronholm i Asplan Viak. Her er det mange bustadhus som ligg utsett til. Kronholm har gått til fots i alle dei skredutsette områda.

På landsplan er det 120 kommunar som skal få kartlagt dei ulike formene for skredfare. Det er særleg steinsprang, jordskred og snøskred som skal kartleggjast. Samdal stadfestar at Ørsta er ein av kommunane der faren er størst.

Jordskred Vartdal

Dette er frå eit jordskred på Vartdal i Ørsta.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

I Ørsta er det fire område som er kartlagde. No skal kommunen vurdere følgjene av det som er lagt fram.

– Vi skal bruke rapporten i plansaker, i byggesaker, i beredskap og når vi no skal vurdere sikringstiltak seier leiar for planavdelinga, Gunnar Vangen.

Ørsta er eit område der det gjennom historia har gått ei rekkje skred. Fleire skredhendingar har var årsak til tap av menneskeliv og skade på bygningar og infrastruktur. Dei fleste skreda har vore snøskred. Det er også snøskred som har teke flest liv i kommunen.

I februar 1679 miste 27 menneske livet i snøskred på Valset. I februar 1968 døde 3 personar i snøskred på garden Rise. 13 personar hamna under snøen og hus blei øydelagde. I Engesetgrenda tok skred livet av 3 personar i februar 1979. 14 personar blei tekne av skredet.

Ras i Bondalen

Dette skredet gjekk på Rise i Bondalen 19. februar 1968. 3 personar miste livet i skredet.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Fleire andre stader har det gått skred der menneske har mista livet, og hendingane som ligg innanfor kartleggingsområdet er omtalte i rapporten.

Skredfarekart Ørsta

Dette kartet viser områda som er kartlagde. Dei fire områda er Årsetdalen, Rjåneset-Ørsta, Follestad og Bondalen.

Foto: Skjermdump / NVE

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL