NRK Meny
Normal

– Vi skal stille opp for dei som blei råka

Kvardagen er komen og det er tid for oppsummering og å tenkje på kva som skal skje også på lengre sikt. – Vi skal stille opp for dei som fekk øydelagt heimane sine, seier ordføraren i Ørsta.

Årsetdalen

Det er massive øydeleggingar i Årsetdalen i Ørsta. No startar oppryddingsarbeidet.

Etter ei skikkeleg uvershelg har vinden gitt seg. Men for dei som er mest råka av skred er situasjonen framleis vanskeleg. Hus, vegar og garasjar er øydelagde.

Rune Hovde

Rune Hovde er ordførar i Ørsta.

Foto: Roar Strøm / NRK

I dag må vi i første rekkje syte for at dei to familiane som ikkje har fått flytte heimatt får den hjelpa dei treng. Her må kommunen stille opp. I tillegg må teknisk sektor stille opp, mellom anna for å få på plass vassforsyninga, seier ordførar i Ørsta, Rune Hovde til NRK måndag morgon.

40 personar blei evakuerte etter at det gjekk eit stort jordskred i Årsetdalen i Ørsta natt til laurdag. Skredet førte til omfattande skadar, mellom anna er to bustadhus skadde og desse familiane har ikkje fått flytte heim att.

Vegar er skadde, to bustadhus har fått omfattande skadar og tre bilar er også skadde i skredet.

No må vi vere med på å ta vare på dei som er råka, seier Hovde.

No ventar eit omfattande oppryddingsarbeid i Årsetdalen. To geologar har undersøkt skredområdet, og dei aller fleste av dei evakuerte har fått flytte heim.

Geologane skal undersøkje skredområdet på nytt i dag eller i morgon. Vi må studere området betre for å sjå kva som skal gjerast. No startar eit langvarig arbeid for å rydde opp att etter skadane, seier Hovde.

Kva tenkjer du når du ser kva naturkrefter som har vore i sving?

– Det er voldsomme krefter. Vi bur i bratt lende. Og det går skred. På mange måtar er vi heldige som bur her i Noreg. Det kan jo skje langt meir dramatiske ting enn dette. Men for dei som er råka er det alltid dramatisk når det står på. Og kommunen skal gjere alt vi kan for å ta vare på dei som er råka. Det er store krefter og vi skal ha stor respekt for naturen, seier ordførar i Ørsta, Rune Hovde.