Hopp til innhold

Stor kommunegjeld skapar uro

Stranda kommune har hamna på gjeldstoppen i Noreg. Ved utgangen av 2010 hadde kommunekonsernet Stranda ei gjeldsgrad på 203 %. Ingen andre kommunar i Noreg er så hardt gjeldstynga.

Frank Sve

Framstegspartiordførar Frank Sve møter motstand blant dei andre partigrupperingane i kommunestyret. Bakgrunnen er høg gjeld og ein kritisk rapport om økonomien i skianlegget på Strandafjellet. Frank Sve seier at kommunen handterer gjelda godt, og at økonomien i skianlegget er løyst gjennom aksjeutvidinga i sommar.

Foto: Trond Vestre / NRK

I dei offisielle gjeldsstatistikkane er kommunegjelda delt inn i to. På den eine sida har ein den reine kommunegjelda. På den andre sida er det teke inn gjeld i selskap der kommunen står ansvarleg.

Paviljong Strandafjellet

Frå paviljongen på skianlegget på Strandafjellet.

Marcus og Marius på offisiell opning av paviljong og stolheis på Strandafjellet

Skianlegget på Strandafjellet.

Foto: Oddbjørn Stave

Stranda kommune har organisert utbygginga av dupvasskaier og skianlegg på Strandafjellet som kommunale føretak. Det er kommunen som står ansvarleg for gjelda i slike selskap.

Etter at Frank Sve (Frp) vart ordførar har Stranda kommune dobla gjelda si. I tillegg er vi blitt ansvarlege for gjeld i to kommunale føretak. Vi kan ikkje berre låne oss ut av alt, seier ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Stranda, Arild Ringdal, til NRK.

Frank Sve seier imidlertid at han og Framstegspartiet slett ikkje har vore åleine om å auke lånegjelda i kommunen.

– I dei store sakene har det vore stor semje i kommunestyret. Verken eg eller Framstegspartiet er åleine om dette, seier Frank Sve.

Enorm gjeld i Stranda

Som konsern hadde Stranda, inklusive dei kommunale føretaka, ei netto lånegjeld på over 645 millionar kroner. Ser ein på totaløkonomien, har Stranda ei gjeldsgrad på 203,0 prosent.

Kjelder i Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon opplyser til NRK Møre og Romsdal at alarmklokkene bruker å ringe når gjeldsgrada i ein kommune nærmar seg 100 prosent.

Ordførar Frank Sve seier det blir heilt feil å sjå berre på gjeldsgraden når det gjeld kommuneøkonomien. Han viser mellom anna til at Stranda kommune har gode inntekter frå energiverket som dei eig.

– Stranda kommune har vald å stå som eigar av energiverket. Hadde vi ikkje det kunne vi ha kvitta oss med mykje gjeld. Vi er i ein situasjon der vi har kontroll på finansutgiftene, og vi kjem ikkje særleg høgt på statistikken som viser finansutgifter, seier Sve til NRK.

På gjeldstoppen

Tabellen under viser toppen når det gjeld gjeldsbelastning i norske kommunar. Stranda tronar på toppen av denne lista. Tala gjeld for 2010, og gjelda i kommunale selskap er med i desse tala.

Topp gjeldsbelastning i kommunane

Kommunekonsern

Gjeldsgrad

Gjeld i tusen kroner

Stranda

203,0%

645.743

Bjugn

176,2%

574 543

Hammerfest

159,7%

1 448 374

Vega

147,5%

152 258

Lørenskog

141,0%

2 625 411

Hitra

140,9%

435 521

Gjeldsgrad viser forholdet mellom eigenkapital og gjeld. Ofte blir gjeldsgrada brukt som eit uttrykk for kor godt rusta ei verksemd er til å tåle tap. Ved høg gjeldsgrad vil kontantstraumen bli brukt til å betale store faste utgifter til renter og avdrag.

Kritisk rapport

Midt i fellesferien, i juli, kom kommunerevisjonen med ein svært kritisk rapport kring den økonomiske situasjonen ved Strandafjellet KF. Det er denne rapporten som er det direkte utgangspunktet for at alle grupperingane, bortsett frå Framstegspartiet, no krev ekstraordinært kommunestyremøte.

– Etter planen skulle det ikkje vere kommunestyremøte før valet. No har vi fått med oss alle, utanom Framstegspartiet, i kravet om ekstraordinært møte, seier Arild Ringdal (AP).

– Tala gjeld ikkje lenger

I rapporten frå 13. juli 2011 vurderer kommunerevisjonen inntektspotensialet i skianlegget på Stranda. I ei av vurderingane går det fram at selskapet kunne i verste fall få eit akkumulert underskot ved komande årsskifte på over 10 millionar kroner, om ikkje driftsselskapet betalte forpliktelsane sine.

Desse tala gjeld ikkje lenger, etter at både kommunen og dei andre aksjeeigarane gjekk inn med kapital i sommar. Aksjeselskapet klarer å betale utgiftene sine både i år og neste år, seier Frank Sve.

Meir aksjekapital

I sommar vedtok Stranda kommune Strandafjellet skisenter eit ansvarleg lån på 2,5 millionar kroner som skal brukast til aksjekapital. I tillegg gjekk andre aksjonærar inn med ein halv million kroner.

I tillegg har vi fått på plass eit likviditetslån på to millionar kroner. Dermed klarer aksjeselskapet å betale leiga til det kommunale foretaket. Det kan hende vi kjem til å forhandle om nivået på leiga ut frå kor ferdit utbygt anlegget blir. Men det er ei anna sak, seier styreleiar i Strandafjellet skisenter, Dagfinn Helsem til NRK.

Inn på ROBEK-lista

Stranda kommune kom inn på den såkalla ROBEK-lista på forsommaren i år. Bakgrunnen er at kommunen ikkje følgjer vedtekne planar for dekking av underskot. Statusen som ROBEK-kommune gjer at kommunen ikkje har full styring over eigne økonomiske disposisjonar, men er underlagt ein ekstra kontroll frå Fylkesmannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL