Hopp til innhold

Stranda kommune sel skisenteret

Stranda kommune har fått kritikk for å bruke 125 millionar kroner på eit skianlegg.
Ordførar Frank Sve seier at dei no har fleire intressentar som vil kjøpe Strandafjellet skisenter, og at det kan bli sal i løpet av kort tid.

Video Stranda sel skisenter

Ordførar Frank Sve håper han snart kan besøke Strandafjellet skisenter som gjest, og ikkje som eigar. For etter at flere aktører har vist interesse for anlegget, kan det gå mot sal i nær framtid.

- Vi kan ikkje seie noko om kven interessentane er no. Vi er inne i ein prosess og skal bruke tid framover våren for å få eit godt grunnlag sal til private eigarar.

Store kostnadar

Det kostar å ville bli ein av Europas beste skidestinasjonar. Stranda kommune har brukt rundt 125 millionar kroner på anlegget.

Fran Sve

Ordførar Frank Sve vil ikkje vere med på at kommunen har brukt pengar unødig på anlegget

Foto: Iver Bostad / NRK
Geir Steinar Vik

Geir Steinar Vik håper at dei som kjem inn som nye eigarar verkele kan å drive eit slikt anlegg

Foto: Iver Bostad / Iver Bostad

- I landsmålestokk er dette ikkje store investeringar. Vi har fått eit stort anlegg som har vore godt utbygd med løyper gjennom mange tiår og no har vi fått prikken over i-en med eit skikkelig anlegg som egentlig ikkje er dyrt, seier Sve.

Det er knytta stor spenning til hva prisen vil bli, men Sve er rimeleg sikker på at den vil bli bra.

Skiheis brakte kommunegjeld til topps. Nytt storlån vedtatt onsdag

- Dette er Noregs svar på Alpane midt i hjartet av fjord-Noreg og då treng ein ikkje seie meir.

Reiselivsnæringa positiv

Også reiselivsnæringa i distriktet følgjer spent med på kven som vil gå inn på eigarsida. Dei håpar at dei som kjem inn kan å drive skisenter, seier reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik.

- Dei som kjem inn må kunne tenkje både nasjonalt og internasjonalt og at dei ikkje tek til takke med anlegget slik som det står no - for det er berre først trinn.

Kåret til beste alpinanlegg for løssnøkjørere

Draumedagar på Strandafjellet
Stranda kommune er i Noregs-toppen når det er snakk om kommunal gjeld per innbyggjar. Difor har investeringane i skisenteret blitt møtt med kritikk .

Sve slår tilbake og meiner at dei som ikkje gjer noko aldri får kritikk, mens dei som er dumme nok til å gjere noko oftast får kritikk.

- Dette må vi berre tole, for no ser alle at denne destinasjonen har blitt fantastisk.

Sve ser ikkje på dette som ein siger.

- For meg er det viktig å gjere ein god jobb for kommunen. Klarer eg å skaffe arbeidsplassar og tru på framtida for fleire som kan bu i vår kommunen, så er det den største sigeren.

Fullstappa opning av ny stolheis